Litt om Edvard Grieg
er det eg skal produsera før eg kan ta kvelden. Dramaelevane våre skal presentera han på ein konsert, så nå må eg sjølv bli betre kjend med mannen. Eg har rota litt rundt på internett allereie, så heilt blank er eg ikkje.
I dag har det vore den store haustdagen. Regnet er som kasta over oss frå enorme bøtter ein stad der oppe. Det er noko nær ein parodi på vestlandsk haustver. Men koseleg er det, viss ein held seg innomdørs eller er skikkeleg skodd og kledd dersom ein vågar seg ut. I dag morges var det litt krise då eg skulle i veg, for den nye regnbuksa mi låg bak i bilen som var mange mil i frå meg akkurat då.
I morgon er det nasjonale prøvar i matematikk. Elevane våre skal verkeleg målast og vegast og strekkjast og vurderast. Å ha rekneprøve i nitti minutt er ganske krevande, og me har fått signal på at prøven er så omfattande at mange ikkje kjem til å bli ferdige…
Det er norsk storsatsing på faglege kunnskapar sidan norske barn har scora dårleg i internasjonale undersøkjingar. Heldigvis er dei blant dei barna i verda som trivst best på skulen. Det må då tella litt det og?
Så får me bare håpa at satsinga ber kunnskapsfrukter sånn litt etterkvart… Og at både ungane og me lærarar kjem ut av testsentrifugen med sjølvtilliten i behald.
Heidi
Elisabeth har hat stor framsyning om Edvard Grieg i sommar. Ho skreiv stykket, var skodespelar og regissør. Treng du tips frå henne, kan eg formidla nummeret. Kjekt å vera på Andedräkt att. Har hatt det for travelt i det siste…. klem
Eg har og hatt det for travelt i det siste, Synneva. 🙂
Me har eit opplegg som heiter Grieg i 100….. med ok modernisering av Griegs musikk (rap m m….)
Takk for tips, Torun og Synneva. Dette er eit nokså lite prosjekt frå oss på drama, så me har gjort det lettvint. 😉
Här i Sverige har alla elever rätt till den hjälp de behöver för att nå målen i grundskolan. Det låter då väldigt fint på papperet…