Oktober.
I går morges stod eg opp ti over fem for å koma meg på første toget i retning Arendal. Toget gjekk halv sju, og det var heilt mørkt ute. Heilt frå eg var lita har eg lete meg fascinera av grytidlege morgonar dei få gongene eg er tidleg nok oppe til å observera dei…
Det viste seg at det skulle bli ein nydeleg oktoberdag. Etterkvart stod sola opp og farga himmelen kaldt blårosa medan skodda dansa trolsk over myrer og fjellvatn. Det var så vakkert at eg for ein gomgs skuld irriterte meg litt over at eg ikkje hadde kamera for handa. Etterkvart klarte eg å lausriva meg frå utsikta slik at eg kunne konsentrera meg om boka eg hadde teke med og gledd meg til å lesa; romanen til Nils Henrik. Det er ikkje kvar dag nokon eg kjenner gjer ut ein roman, så eg las med stor interesse og likte det eg las.
Eg rakk akkurat å lesa ut boka før eg nådde Nelaug stasjon der stasjonsmeisteren stod og banna på telefon over eit tog som ikkje hadde kjørt langt nok fram på perrongen. Etterkvart ropte han eit unskyld til meg, eg skulle nok få betala avisene mine bare han hadde fått sagt sitt til rette vedkomande.
I venteromet sat det ein triveleg mann med autistiske trekk og åt nista si, brødskiver med egg frå ein matboks. Akkurat slike brødskiver eg kan hugsa at me hadde med oss på turar i ein stor emaljert matboks då eg var barn. Mannen var tydeleg oppteken av at han kjende til rutetabellen og let seg stressa av at lokaltoget me skulle ta ikkje gjekk til oppsett tid. Omsider kom me oss i veg fem minutt etter ruta, og så var alle dei fire passasjerane på toget lukkelege medan me fekk oss ein tre kvarters kjøretur over heia i strålande solskin med haustfarga lauvtre som spegla seg i blikkstille vatn.
På ein benk utanfor stasjonen sat Maria og Eva Mari og venta på meg. Maria sitt mørkebrune krusehår var sett opp i to muntre musehalar, og ho hadde fått hårbøyle. lipgloss og nye vanter av tante.
Me kjøpte heimebakte rosinbollar på Bøndenes Marked nede på torget, og Eva Mari fekk to gammeldagse raude kaffikoppar med kvite prikkar fordi ho har hatt gebursdag sidan sist. Så åt me lunsj på ein kinarestaurant der Maria visste at ein kunne kjøpa iskuler med krem og parasol på.
Først ei pølse og så to kuler sjokoladeis. For ein fireåring er det verkeleg ein smak på livets goder, ho smilte frå musehale til musehale.
Sju timar seinare var det nytt togbyte på Nelaug stasjon. Vakthavande stasjonsmeister, ikkje den same som sist så vidt eg kunne bedømma, betrudde meg at det var utruleg irriterande når han bare fekk vita at toget var dobbelt så tungt som vanleg utan at han fekk vita korfor. Konduktøren på lokaltoget kom springande etter meg med ein røykpakke som ikkje var min før han fortalde meg at toget eg venta på ikkje gjekk lenger enn til Kristiansand. Då eg fortvila viste han at eg hadde billett like heim smilte han ertelystent og let meg forstå at han bare tulla med meg…
I dag begynte dagen med felles frokost rundt spisebordet i stova og tende talglys i den nye smijernslysekrona. Så tok eg med Odd Christian på eit onkelbesøk før eg steikte vafler til gullguten sidan han skulle reisa tilbake til Bergen i dag.
Så har eg gått ein lang fottur langs strendene med min eldste og einaste bror og kjærasten hans. Eg sakna faktisk eit fotoapparat i dag og, for lyset over sjøen og strendene var heilt spesielt. Me var kledde for uvér, så ei og anna regbyge gjorde ikkje noko.
Det var tomt for kattemat, så kattane meska seg med rå kyllingfiletar til middag. Resten vart menneskemiddag med rømme og sterk tacosaus.
Så var det meininga å ta fatt på husrydding, men det var jo trass alt sundag og ferie… I staden havna eg i sofaen i lag med Halvard der me tilbrakte eit par timar under eit himmelblått teppe…
Nå blir det ein ørliten rydderunde før eg kryp til køys, og i morgon må eg bare eg koma i gang med både det eine og det andre… Til mitt forsvar las eg i eit vekeblad i går at det virkar forebyggande på stressrelaterte sjukdomar å ha evne til å leggja alt anna til sides og bare slappa av…
Heidi
Ja – evnen din til å gripe nuet – det som er akkurat her og nå – er virkelig noe å strekke seg etter 🙂 Takk for deilig reise med dine ord.
Gleder meg til å se deg på Figgen i ettermiddag 🙂 love ya always sis 🙂
Her var fingrane borti feil tast…To tome rubrikkar før eg fekk sukk for meg… Eg kun ejo mistenkast for å produsera kommentarar for å få eit høgt kommentartal… Med mange kommentarar får ein nemleg mange lesarar… Eller kanskje dei same lesarane les mange gonger for å få med seg nye kommentarar…
Ieunansitt, så dei seier på Vigrestad, ha eiin gild dag til me treffest i ettermiddag May Brit. Du har oppmuntringa si nådegave. 😉
Tusen takk for at du kom og dei to raude koppane står no på kjøkkenbenken og lyser opp. Stor klem!
Klem tilbake Eva Mari. Det er visse ting me kjem til å hugsa når me blir gamle og grå…