Gå til innhald

Årets lengste netter

desember 27, 2007

la me bak oss for ei vekes tid sidan. Nå er det motsatt av det som står i haustvisa, med andre ord; dagane lysnar minutt for minutt…

Men framleis merkar me ikkje noko til akkurat det. I dag har det bare så vidt vore lyst midt på dagen. Me har trava rundt i Oslo sentrum, og eg tek meg sjølv i å lika dette barmhjertige halvmørket som ligg over landet. Eg har kjøpt små søte røde koppar på indiska med gullkant og raude hjarter på til ti kroner stykket. Og ei raud glasskål på stett kjøpte eg same plassen, og fem turkise juletrekuler med små speglar på. Dei er så fine. Etter den årlege innspurten for å koma i mål til jul, og eit par hektiske dagar med pakking, rydding og juleselskap, er me nå inne i den meir uformelle delen av juleferien, og det kjennest deilig.

I går kjørde me bil mesteparten av dagen, og til mi eiga overrasking sovna eg fleire gonger og sov større deler av turen. Så nådde me fram til juleselskap med svigerfamilien. Etterpå såg eg TV med Henrik og Eva Mari og hadde sore problem med å halda meg vaken då og. Seint på kvelden gjekk me tur med hunden. Me gjekk over kyrkjegarden som framleis var opplyst av brennande stearinlys i gravlykter. Det var klart og fint i veret og eit tynt lag med snø på bakken. Eg vakna såpass til liv at eg var klar for å sjå film då me kom inn att.

Nå er det meir TV og strikking. Sunniva har kjøpt sånn fint tynt ullgarn som skiftar farge medan ein strikkar, og eg får lov til å strikka for henne medan me ser på “Jul på Saltön”. Så skal me eta frukt og julekaker og drikka kaffi i dei raude koppane med små kvite prikkar. Romjula er ei venleg tid på året.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Live permalink

    Så glad eg er for at eg fekk adressa til bloggen din. Det er mest som å vera på jobb på Bryne igjen. Eg har sakna livs-visdomen….. og fann det i fullt monn her 🙂 I morgon skal eg ta for meg resten. godnatt

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Så koseleg å treffa deg her, Live 🙂

Kommenter innlegget