Havskodda har lagt seg
som eit rått, grått teppe kring ein kveld tidleg i mai. Ein kan fornemma ei stenk av salt i lufta.
Dagen har vore så fin, og gått så fort i frå meg. Det var beroligande å finna russejenta mi trygt sovande i eiga seng i dag morges. Etter ein pause heime drog ho tilbake til meir fest og moro…
Dagen min begynte med ein tur til kjøpesenteret for å handla inn dei siste konfirmasjonspresangar og strømpebukse til Sunniva. Ho var buden i konfirmasjon til ei venninne som konfirmerer seg borgarleg i dag. Tannkremen var borte vekk, truleg er han på russetreff, så det måtte eg og kjøpa. I håp om å forebygga nye morgonar utan tannkrem kjøpte eg to tuber.
Etter å ha kjørt festpynta jenter til konfirmasjonslokalet, vart det ein ny handlerunde på meg. Eg vurderte å kjøpa ein ny kjole til meg sjølv, men sidan eg ikkje fann noko som var akkurat som eg hadde tenkt, fann eg ut at det gamle fekk duga. Så handla eg blomar og hekta med meg Borghild, Gerd og Tonje som eg inviterte på lunsj, is og kaffi på verandaen med amerikanske blåbær frå butikken som var omtrent like store som druer.
Halvard viste seg å ha vokse ut av dressbuksa si, og så vart det dagens siste tur til kjøpesenteret for å ordna det.
Så hugsa eg i siste liten at eg skulle handla bananer, eplemost og hermetisk spaghetti til skuleteateret på måndag.
Ein tur til skulen for å kopiera skrivelekser og leselekser, ein tur til onkel der eg plukka påskeliljer og rabarbra. Så ringde eg på døra til Eilen med ein bukett blå blomar, og fekk halda Waldemar som var der på besøk.
Nå vil eg sjå på TV-program om Thor Heierdal før eg legg opp buksa til Halvard og skriv talen til Vilde.
Eg trur det blir tidleg natt i kveld.
Heidi
Gler meg til å møta deg på gudstenesta imorgon! Eg skal syngja konfsalma di!
det gler eg meg te torhild 🙂 og eg gler meg til å feira vilde sin dag med ein vidunderleg familie 🙂
Eg og gler meg
Eg og gler meg
Men VAD är hermetisk spaghetti? (Spaghetti vet jag.)
I dette tilfellet Spaghetti Rimini. Spaghetti og kjøttbollar i tomatsaus i ein hermetikkboks. Eg ville normalt ikkje omtala det som hermetisk spaghetti, men gjorde det her. Me set opp «Dustane» av Roald Dahl, og fru Duat skal blanda kvite markar i spaghettien til hr Dust og presentera det som den nye matretten skjelvespaghettil..,