Gå til innhald

Bare det å liggja strekk ut

mai 7, 2008

på magen i sola ute på terrassen med ein stabel aviser eg ikkje har hatt tid til å lesa før…

Det er det eg har brukt ettermiddagen til, og det har vore alldeles nydeleg. Plutseleg kjende eg kor trøytt eg var, og ingen ting er som sola i mai månad.

I dag har eg laga bilar med elevane mine. Dei fekk utlevert blomsterpinnar, tape, plasthjul og sugerøyr, og fekk utan vidare instruksjonar i oppdrag å konstruera ein bil som kunne kjøra fortast mogleg over eit skråplan og vidare bort over golvet. Ein del av oppgåva var vidare å finna optimal helningsgrad på skråplanet. Det var ei veldig fin oppgåve. Nokre var mest opptekne av designen på karosseriet, medan andre prøvde å utnytta bøye-delen av sugerøyret som fjøringsmekanisme i det bilen traff golvet.

Så har me sunge mange av dei gamle nasjonale songane me alltid hentar fram i mai, og i kortimen marsjerte femti ungar og minst fem vaksne taktfast rundt i aulaen. Det skjer noko med nordmenn i denne månaden, me let oss røra til lettflytande tårer når ein gjeng ungar stemmer i med “… for så hvitt som det hvite sneen, og det røde har kveldshimlen fått, og det blå gav sin farge til breen, det er Norge i rødt, hvitt og blått, “ eller “ Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma, lat lysa din fred frå fjell til strand, og vinter for vårsol røma.” At ein del av tekstane med rette kan kallast sentimentale, polititsk ukorrekte og ha ei språkdrakt som er tildels komplett uforståeleg for barn, tek me ikkje så tungt….

Odd Christian ringde og ville gjerne ha skyss til togstasjonen grunna to tunge ryggsekker. Eg stakk uforskamma tidleg av frå jobben til meg å vera, og me unde oss den raskaste kaffikoppen nokonsinne på ein kaffibar før me fylde litt opp i den heller tome lommeboka hans. Vel framme på toget sende han meg sms for å takka for denne gongen. Eg saknar han kvar gong han reiser sjølv om han har budd heimefrå i snart tre år.

Etter ein rask innkjøpsrunde havna eg som sagt på magen ute i sola. Og der vart eg altså verande. Eg har bare mobilisert nok husmorkrefter til å starta oppvaskmaskinen. Nå tel eg på knappane eg ikkje har om eg skal vera ein god samfunnsborgar og rydda huset mitt, eller ein person med syn for eigen helsetilstand som tek ein lang spasertur i kveldssola… Det kjennest som om det blir det siste… Trur eg…

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eilen permalink

    Håpar du valde turen. Har vore ute og gått tur til Frøyland med Valdemar i vogna. Einig med deg – mai er fantastisk!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, eg valde turen. 🙂 Var ute i litt over ein time. Det var deilig.

  3. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Jeg valgte vekk tur idag og satt som ei padde i hagestolen. Er rød på magene, og det er fantastisk den sjuende mai !!!!!! Herrrrlig

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Gunn: Hugs solkrem!

  5. Ukjend's avatar
    Eilen permalink

    Eg såg deg!

  6. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    —og det røde har kveldssolen fått—-syng ungane på Aspervika… Me driv enno på med oppussingsprosjektet… Mai er vidunderleg!!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Kveldshimlen skulle det ha stått…
    Hmmm kanskje det er kveldssolen dei syng på Bryne skule og, det er vel kanskje ikkje så nøye…

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tekstar her ein tendens til å bli bittelitt forandra på i hodet mitt. 😉

Legg att svar til Eilen Avbryt svar