Gå til innhald

Ca sommar…

mai 8, 2008

Bortimot tjue grader i sola vil eg tru. Me hadde pausane våre ute på eit bord på fortauet på sida av skulen.
“Nå blir det vel ein kald sommar, sidan me for varmen nå,” var det ein av oss som sa…

Då begynte me å diskutera om det var typisk norsk dette med atterhald. Viss det er sol i dag, så kan me bare grua oss til regnet i morgon. Og så skal det viss vera norsk talemåte dette med å fortena ver. “Nå har me vel fortent litt sol,” seier me. Eventuelt “Nå har me ikkje fortent meir av dette drittveret.”

I alle fall vart stemninga lausluppen og høg der me sat. Det er minsanten ikkje kvar dag det fristar å ta med seg nistematen ut på fortauet. Og burde det ikkje eigentleg vera unntakstilstand? Burde me ikkje likegodt senda barna heim slik at dei kunne få nyta sommaren den dagen han var her?

Eg hadde tenkt meg tidleg heim i dag og, men først måtte eg stri med ein lite samarbeidsvillig pc og så med to kranglevorne kopimaskinar. Då den tredje kopimaskinen på huset viste seg å ikkje fungera den heller, gav eg opp og reiste heim.

Ingrid og eg gjekk på tur i lag og det var så grønt og fint.
Kvelden har eg brukt til å vera kreativ i lag med nokon eg kjenner og me har ledd mykje.

Det blir for seint i kveld og, men snart er det helg…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    det høres bra ut – håper sola holder seg når jeg kommer hjem seinere idag

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Detser bra ut så langt, min kjære.

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Kopiatorer har ett eget liv minsann. Vi har en så fin på mitt jobb, den kan ALLT, men uj uj så ofta den krånglar!
    Men jag minns de gamla spritkopiatorerna som fanns när jag började i yrket. Milde himmel så omständligt det var att använda dem! man fick skriva en blåkopia först, som inte gick att göra fel på. och sprit fick man på fingranr hur man bar sig åt, och i munnen, hur DET nu gick till. och man fick veva för hand, en kopia i taget… och varje blåkopia räckte bara till ett visst antal kopior. Stenålders är man.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, dei hugsar eg frå eigen skulegang og frå då eg var i skuleavisredaksjonen på ungdomsskulen. Eg hugsar godt lukta av dei og… Livet er utvilsomt blitt lettare, men det er like godt å ikkje vita kor stor del av livet ein har brukt til å prøva å få kopimaskinar til å virka. Eg skreiv ein song om mellom anna dette til ein
    lærarevy for nokre år sidan på den Piaff-melodien om dei tre klokkene:

    Det finaste med å få vera lærar, det er nok å stå tidleg opp, ein dag kopimaskinen virkar, sjå papira fløyma utan stopp…
    (ding, ding, ding)

    Høyra skuleklokka ringa,
    det er førstetime nå,
    sjå elevane i gangen,
    dei har skuleranslar på…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar