Gå til innhald

Kleeeng!

mai 16, 2008

Det stod ein nytilflytta far på skulen og snakka med ein lærar i korridoren. Eg observerte at det var noko kjend med mannen, og eg nærma meg nysgjerrig. Plutseleg var eg midt i ein skikkeleg bamseklem. Jammen var det ikkje Kleng frå lærarskulen og begynnelsen av åttitalet! Og han var heilt lik seg, sjølv om eg ikkje hadde sett han på ca tjue år. Han påstod at eg heller ikkje hadde forandra meg sånn omtrent i det heile tatt dei siste tjue åra. Han fekk meg til å smila så grundig at det tok fleire timar før munnvikane var på plass att…

Og det har hend fleire ting som har fått meg til å smila i dag. Eg har drukke kaffi med pensjonistane på jobb som kjem på fredagskaffi med jamne mellomrom. Det var lenge sidan eg hadde hatt tid til å setja meg ned med dei, og det var så fint å sjå dei att.

Så har me vore effektive og flinke, eg og Jan Ivar. Me har fått lese inn tankestemmane til Bosse og ånda frå Mio, min Mio, og me har prøvd ut kostymet til Karlson på taket. Me har øvd med solisten i “Jentegarderoben,”- ungdomsstykket vårt, det viste seg at American pie songen kjem til å fungera med den nye teksten min. Eg sette meg ned og høyrte på at Jan Ivar og solisten song duett med komp-cd gong på gong på gong for at ho skulle læra seg melodistemmen. Det høyrdest riktig bra ut. Til slutt rakk me å filma den eine scena i ungdomsstykket som me skal ha på film. Glad og fornøgd la eg på heimveg.

På heimvegen traff eg ein mann som alltid får meg i godt humør, og me vart ståande på gata og le saman. Eg fortalde han om replikken “den heile skapning stundar no fram til klokka ti.” Han repliserte med ein eigen vri på ein like kjend song:

Frampå vinteren stundom ho tenkte:
Gjev eg hadde ein varmare mann,
men når vårsol i bakkane blenkte,
fekk ho sjå at den gamle gjekk an!

Eg spurte oppglødd om eg fekk lov til å sitera songen på bloggen min. “Det kan du godt,” var svaret, “bare ikkje mannen din trur at det handlar om han…” Eg forsikra om at det kom han sjølvsagt ikkje til å tru, og då var alt greitt…

Nå høyrer eg den allereie nemnde ektemannen støvsuga nedi stova. Eg får koma meg på banen att eg og. Det er mykje å ordna. I morgon er det 17. mai, og eg har invitert gjester. Eg har bakt bløtkake og pynta med jordbær, og er i gang med det møysommelege prosjektet som vert kalla husvask…

Ingrid er på ute med russen, og viss ho ikkje får skyss med nokon, er det mogleg eg må henta henne ut på natta.
Får halda meg i beredskap til eg får nærare beskjed…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Tänker på dig idag när ni har nationaldag! Hoppas det blir trevligt, och fint väder!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Tintomara. Her eg bur har me det finaste veret i landet. Sol og greier.
    🙂

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar