Gå til innhald

Over alle under,

mai 20, 2008

eller kanskje under dei, sviv det noko guddomeleg.
I løpet ein vanleg dag høyrer eg ofte det heilage kviskra til meg. Av og til kjennest veggen mot det som er større enn oss tynnare enn kva folk kunne tru.

Eller kanskje eg rett og slett er litt overtrøytt i kveld. Arbeidsdagen har vore på rundt rekna tretten timar omtrent heilt utan pause, det er flaks at eg liker jobben min så godt at eg store deler av dagen har gått omkring med eit halvfjollete smil.

Me er forbi generalprøven med Astrid Lindgren- stykket.
Først var det litt surr og rot med å få dei små skodespelarane til å fungera like bra med mikrofon som utan. Siste runden gjekk det ganske bra. Eg har teke mange foto. I beste fall kan eg laga ein reklameplakat av eit eller fleire av dei.

Blodkapslane frå Amsterdam viste seg å fungera. Putt ein av dei diskret i munnen og knus han med tennene med omtrent same styrken som du bit av eit knekkebrød. Pulveret som er i kapselen vil blanda seg med spytt og det kjem noko som ser ut som ekte blod rennande ut av munnen din…

Men nå er det på tide å ta dagen ned. Det er faktisk over tida når eg kjenner godt etter…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Blodkapslarna? I en Astrid Lindgren-pjäs? Nu blir jag väldigt nyfiken…

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Når Madicken slåst med Lus- Mia. Madicken sit overskrevs på Mia, og held henne fast. Mia kallar henne ein djevelunge. Madicken blir forskrekka og slepp taket i hendene til Mia. Mia slår henne i ansiktet, Madicken tygg hol på blodkapselen og blør frå munnen. – Akkurat lite nok til ikkje å få jukseblod på den fine kjolen. Genialt…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar