Gå til innhald

Spurtar inn mot mål…

juni 18, 2008

For i morgon er siste dagen for i år, sidan eg har fri på fredagar. Eg er akkurat så sliten som eg er kvart år…
Det skal bli herleg med ferie… I dag tok mine søte små uthaldenheitstesten: sju og ein halv runde rundt stadion. Den største utfordringa vart eit måkepar som hadde reir og egg, og som stupdykka mot ungane kvar gong dei passerte… Etterpå vart elevane påspanderte slush og me vaksne fekk kaffi, før me fekk tilbod om gratis bowling. Det er nemleg ein utruleg huggeleg far i klassen som driv ein bowlinghall. Tilbodet vart teke i mot med jubel.

Dette er programmet for i morgon om nokon lurer:

Høgtlesing av eventyr av HC Andersen.
Visualisera matematiske fenomen som kvadrattal, figurtal
og trekanttal ved hjelp av logiske brikker.
Leika mafialeiken og jamnføra med utfrysing og intriger.
Rydda i innsamla lærebøker og tella dei opp.
Eta sjokoladekake som eg har med til dei.
Læra om Edvard Munch og ekspresjonismen,
Mala sitt eige skrik etter inspirasjon frå Edvard Munch.
Setja ark inn i utviklingspermane og systematisera det som finst der frå før…

Ser det ut til å vera ei pedagogisk haldbar siste olje for i år? Det får duga… Etterpå blir eg nok sitjande til langt på kveld for å få unna alt papirarbeidet… Og så… utruleg nok… er det sommarferie.

Ei fin kulturoppleving i dag og: Cabareten til niandeklassane der Sunniva song og dansa.

Og så var eg intervjua i avisa i dag. Det er alltid ei merkeleg oppleving å sjå seg sjølv presentert. Er det meg slik andre ser meg?- tenkjer eg. Kanskje delvis… Og biletet liknar overhodet ikkje på meg i spegelen. Hårskillen var for eksempel på feil side… Og eg hadde sollys i augene og var fotografert i froskeperspektiv… Men det gjer vel eigentleg ikkje så mykje…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Ja, det var du i avisa…. opg biletet var jo vakkert!! Takk for den du er!

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, det var eit heilt ok bilete, det er bare ikkje heilt slik eg innbillar meg at eg ser ut. 🙂 Og takk for den du er sjølv, du. 🙂

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Jag hittade minsann artikeln om dig jag med! Fint!
    Det är STORT att kunna skriva psalmer! En gåva från
    you-know-who! 😉

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Så artig at du kan lesa mi lokalavis,
    Tintomara. Internett er ei merkeleg greie. 🙂

  5. Ukjend's avatar
    morsan permalink

    Inga problem att leta upp artikeln 🙂

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Vinkar til Morsan. Eg sit her på jobb og prøver å avslutta papirarbeidet for i år…

Legg att svar til morsan Avbryt svar