C-moment i miljøvern.
Dei første verkeleg miljøbevisste menneska eg møtte møtte eg i Tyskland. La meg presentera Regina og Dirk. Regina er ei venninne av kjærasten min frå den perioden han budde i Tyskland. Ho jobba som lærar og er eit av dei mest sympatiske menneska eg har møtt i mitt liv. Ho hadde gifta seg med Dirk som var prest i ein bydel i Mönchen-Gladbach. Dei ville gjerne feriera i Norge i 1987, og me ville gjerne til Tyskland. Via telefon bestemte me oss for å bytelåna bolig. Førsteinntrykket var litt sjokkarta for begge partar…
Me hadde reist i frå huset vårt med lys på i fleire av romma, slik var anbefalingane den gongen for å forebygga innbrot når ein var på ferie… Sjølv om adressa stemde, var det heilt utenkjeleg for dei at nokon reiste frå huset med lyset på. Før dei torde bruka nøkkelen dei fann i postkassa hadde Dirk krope rundt i hagen og kikka inn vidua for å forsikra seg om at det ikkje var folk der… Det neste sjokket var at me på same måten som dei fleste menneske som hadde skaffa seg dobbelseng i 1986 hadde kjøpt ei elektrisk oppvarma vennseng… Tenk å bruka straum til slikt… I tillegg hadde me tørketrommel…
I bygarden til Regina og Dirk måtte eg først læra at det var reine dødssynda å gå frå lyset i trappeoppgangen… Så fekk me skriftlege forklaringar på korleis me unngjekk å bruka meir vatn enn nødvendig på nedskyling i toalettet. Dei vaska kleda sine i økologiske og nedbrytbare “Olivenseifefnokken”, noko som gav ei lukt i kleda våre som fekk meg til å kjenna meg miljøbevisst. Eg trur kanskje oppvasken var i same såpa.
Regina malte sitt eige mjøl på kvern på kjøkkenet for å få det grovt og økologisk. Søppelet sorterte dei etter eit strengt system. Dette var før søppelsorteringsordet var i bruk i Norge. Det er mogleg at det fantest papirinnsamlingar i større byar, og dei største hageentusiastane hadde vel ein heimebygd kompostbinge i hagen.
Frå før av hadde eg vore medlem i Fremtiden i våre hender, og ville i grunnen alt vel, så eg prøvde vel ekstra hardt etter å ha møtt desse to karismatiske og miljøbevisste menneska.
Eg strikka ulltrøyer og bleiebukser i Merlinoull og vaska tøybleier. I alle fall gjorde eg det det første året med Sunniva. Då Halvard vart fødd bevilga me oss ein liten koma- til- kreftene-periode med papirbleier, og kom vel aldri heilt inn i vasking av tøybleier att. I Tyskland hugsar eg at dei hadde noko så fint som Windeldienst… Skitne bleier vart samla inn og ein fekk reine leverte på døra…
Søppelsortering var me og relativt tidleg i gang med. På billesmå felt kan eg vera reine fanatikaren. Å riva ut plastvindu frå konvoluttar og sortera kvar for seg, eller å riva teposar av snora, fjerna stifta og hiva i komposten, medan eg er totalt bevisstlaus med andre ting. Eg har lyset konstant på i ein del rom og hiv store haugar tøy i tørketrommelen i staden for å tørka i stova eller på gangen. Korsveibevegelsen som har betydd mykje for oss har og vore ein pådrivar for å tenkja alternativt, men
oi så vanskeleg det er å vera konsekvent.
Nå har eg begynt å få dårleg samvit for å bruka bereposar i plast når eg handlar. Derfor har me kjøpt to store fleirgongsnett i butikken. Problemet er at eg ofte gløymer å ta dei med når eg skal ut og handla. I dag spurde kassadama meg i det eg forlangte tre plastposar om eg ikkje heller ville kjøpa eit fleirgongsnett. Eg sa at eg hadde to relativt nyinnkjøpte heime på kjøkkenet…
Då eg fortalde det til Odd Christian sa han at første bud burde då vera å gå eller sykla til butikken dersom ein ville vera miljøvennleg. Eg unskyldte meg med at eg sjølvsagt hadde tenkt tanken, men så var det det at å få ein helgehandel til ein veldig stor familie heim på sykkel kunne bli ganske tungt…
Skiftesvis er eg heilt medvitslaus forbrukar, og skiftesvis reagerer eg negativt på at ein brukar eingongstallerknar på personalfestar og eingongskrus til kyrkjekaffi. Det er ikkje lett å halda sin sti rein når det er så uhorveleg mange val å ta alltid. Økologisk kaffi er greitt nok, men kva med egg? Bør dei vera økologiske? Helst frå frittgåande glade høns? Bør kjøtet vera frå glade griser? Er sauekjøt meir miljøvennleg enn oksekjøt?
Kva med å eta kjøt i det heile tatt? Ein ungdomsorganisasjon frårådde nordmenn å eta ris fordi det at den rike verda vil ha ris til høge priser, og så blir det for lite og for dyrt i fattige land der ris er hovudnæringa. Denne aksjonen vart latterleggjort frå dei som meinte seg å kjenna betre til mekanismane.
Eg las i avisa at soyaprotein frå u-land går til kraftfor til norske dyr. Og kva med utanlandsk kjøt? Fullt av hormoner og annan styggeskap? Burde ein ikkje eigentleg bli vegetarianer?
Sjølv har eg i snart to år levd på ein diett med minimalt med karbohydrat. Til mi glede har det gitt resultat. Men ein biverknad er at eg et mykje meir kjøt og fisk enn før.
Er det moralsk forkasteleg å ikkje eta brød, ris og poteter?…
Slik kan ein vikla seg inn i så forvirrande tankebanar at ein blir bortimot handlingslamma. Og det blir eit skår i gleda ved utanlandsturen at ein må bruka fly for å koma dit…
Men eg trur ikkje me har vondt av dei stikka i samvitet.
Ikkje alle er like glad for at kyrkja kastar seg inn i miljøverndebatten… Tek ikkje slikt brodden frå sjølve evangeliet? Kan kyrkja ta sjansen på å markera seg sterkt i noko som kan opplevast som politikk.
For meg er svaret soleklart. Sjølvsagt må kyrkja våga å markera seg og kjempa for å ta vare på det som er skapt.
SJølvsagt må kyrkja markera seg for å få til ei meir rettferdig verdensordning og for å fremma rettferd og fred.
Det er greitt nok med fine ord. I praksis er det ikkje så lett. Eg veit at eg har ein lang veg å gå før eg lever miljømessig forsvarleg. Me må alle prøva å støtta einannan. Eg ser jo at veldig mykje har skjedd sidan Tysklandsturen vår i 1986.
Sakta, men steg för steg går det framåt.
Det måste man tro.
Sa Märtha Tikkanen om noko heilt anna, men det har
blitt eit av yndlings- sitata mine.
Kjærasten min serverte meg jordbær før han reiste på kurs. Dei var så perfekte at ein kunne lura på om dei var økologske… Og smakte nydeleg. Han bir borte ei lita veke. Eg har heilt sånn heime-aleine-følelse. Men heilt aleine blir eg nå ikkje. Eg kjem til å dela hus med ein 4-5-6-7 ungdomar alt etter kva for nokre av Spretts slekt og vener som slår seg til her den komande veka. Triveleg det…
Heidi
Å leve på denne rike og vakre delen av kloden er jeg glad og takknemlig for, MEN av og til så er det til å sikkkelig skamme seg over; vi bruker og kaster som galninger!
Bruk hodet, vi har bare en klode, sier Blekkulf. Og det er jammen godt sagt.
Ja, heia, Blekkulf.