Gå til innhald

Bollebakande mamma i nyvaska hus.

juli 7, 2008

Eg hadde tenkt meg til kyrkja i dag, men starten på dagen gjekk i litt for sakte tempo, så plutseleg var det for seint. I staden vart det frokost med Ingrid og radiogudsteneste, der eg høyrde på Biskop Sofie frå Grønland. Det var interessant. Eg måtte googla henne etterpå og fann ut at ho bare er den andre biskopen på Grønland, før høyrde dei til eit dansk bispedøme. Dessutan var ho den første kvinna på Grønland som tok teologisk embetseksamen.

Eg broderte. Først til gudstenesta, så til eit veldig interessant program om Island og til slutt Nostalgia, eit program med klipp frå “gamle dagar”… Eg sat der og broderte fem måkar på ryggen av bunaden, kaffikoppen hadde eg på sida av meg, og døra stod open ut til verandaen. Eg kjende at Nå Har Eg Ferie. Det er herleg å
bare ta i mot alle dei kreative tankane og innfalla som poppar opp, nå når eg mot normalt har nok tid til å tenkja tankane ut.

Halvard og Odd Christian fekk lokka meg til TV-kroken der me såg diverse episodar av ein heilt utruleg program: “Sweet sixteen” . Det handla om veldig rike og nokså bortskjemde ungar, som feira 16-årsdagane sine med luksusparty som ikkje liknar noko av det eg i heile mitt liv har vore borti av selskapelegheit. Ho eine ankom for eksempel i helikopter når ho skulle dela ut invitasjonane, og dei hadde spesialdessigna kjolar og dressar til sånn ca 20000 kr som dei hadde på seg i ca fem minutt medan dei gjorde entré…

Me diskuterte om det var ein viss ironisk undertone i desse programma. Først meinte eg ja, medan gutane mine meinte nei. Etterkvart tenderte eg til å vera einig med dei. Så sat me der med den gode kjensla at samanlikna med ungane på skjermen så hadde dei fått ei nøktern oppseding.

Men tankekorset låg der likevel: Eigentleg er jo norske barn (og vaksne) nøyaktig så meiningslaust bortskjemde, viss me til dømes samanliknar oss med fattige afrikanske barn. Eg trur det kan vera sunt med ein kikk inn i trollspeilet…

I dag skulle Odd Christian få besøk av ei venninne som skal vera her nokre dagar. Eg må innrømma at det gav meg eit ekstra dytt i ryggen med husvasken i går, og i dag vaska eg for eksempel skapa på badet. Odelsgutten vart kommandert til ein runde med vaskebøtta han og. Sjølv om eg må innrømma at forslaget hans då eg sette i gang var sjarmerande nok: “Kan me ikkje bare la det vera som det er. Då får ho ein logisk forklaring på korfor hybelen min ser ut som han gjer…”

Vaksa vart det. I alle fall i dei to nederste etasjane, og då gjesten kom stod det eitt brett bollar og to brett kanelrullar til etterheving. Vakkert pensla med egg, for eg fann bakepenselen eg har sakna i lengre tid. Sist eg bakte viste det seg at det var utruleg vanskeleg å få til jamn pensling med ein bit av eit kaffifilter dyppa i samanvispa egg-

Sunniva kom heim frå konfirmantleir, trøytt og lukkeleg med kne og hender skikkeleg oppskrapte etter å ha klatra opp eit svaberg fullt av vinkande englar fordi oppgangen frå sjøen var dekka av ein gigantisk brennmanet.

Nokre av oss var på tur langs stranda for å få vist fram den lokale kulturen. Klokka tikkar mot halv tre… Skal eg halda stilen må eg kanskje koma meg i seng slik at eg kan vera mamma med dekka frokostbord i morgon tidleg?
Trur det er like greitt å ha det litt uhøytideleg når ein er gjest…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    eva mari permalink

    Høyres livleg ut heime hjå dere. Trudde dere hadde reist til Spania. Vi har besøk av Kristin og familien hennar. Her regnar det,så i dagblir det besøk på >Nordens største kjøpesenter…

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Hels Kristin så mykje. Me dreg til Spania tysdag om ei veke. Når har du ferie? Tenkte på deg i dag. Kjennest som om det er for lenge sidan sist. Det regnar her og 🙂

Kommenter innlegget