Gå til innhald

Å sjå-ser-såg-har sett…

juli 9, 2008

Det har eg gjort i dag. Min venn optikaren ringde at nå var solbrillene mine klar. Det var reine openbaringa å få dei på. Plutseleg såg eg alt så skarpt, – fargar, konturar og detaljar. Eg innsåg rett og slett at synet har vore nokså halvgodt i det siste. Eg gjenopplevde korleis det var då eg i 17 årsalderen innsåg det eg lenge hadde visst, eg trong briller. Det var lenge sidan eg hadde kunna lesa kva som stod på tavla frå plassen min nest bakerst i klasseromet.

“To see or to be seen, thats the question…” Hadde eg som mantra for meg sjølv, ein dag landa eg på “to see,” og oppdaga korleis verda eigentleg såg ut… Optikarvennen min sende meg ut i byen i ein halvtimes tid med solbriller på nasen, i mellomtida skulle han fiksa nytt glas i den gamle brilleinnfatninga. Fornøgd gjekk eg ned for å visa meg for Ingrid som var på jobb.

“Kva i all verda er det du har på deg?” spurde ho. Ho trudde i det lengste at det var briller eg hadde teke på meg frå stativet i butikken bare for å tulla med henne. Men då ho fekk prøva dei og innsåg at det var glas med – 2.75 på begge auga, kapitulerte ho og sa at dei var kanskje ikkje så verst likevel…

På veg opp rullefortauet til 2. etasje i kjøpesenteret såg eg Sunniva. Eg var riktig imponert over på kor lang avstand eg kunne sjå ho. Eg såg tidleg at ho sperra opp auga over synet av meg med mørke briller. “Kva i all verda er det du har på deg?” spurde ho lattermildt. Eg såg på heile henne at det ikkje passa spesielt godt viss eg stoppa opp særleg lenge for å snakka med henne, venninnene og dei to gutane dei akkurat stod og snakka med…

Eg unskyldte døtrene mine med at dei aldri har sett mor si med solbriller før… Det er sikkert uvant…

Så var det henting av nye briller, og eg ser utruleg godt. Eg kom frå heile pakka med ei rekning på 1300 kr, det var verkeleg verd kvart øre. Vel ute av butikken såg eg Jens Erland på den andre sida av gata. Eg kunne ikkje dy meg for å ropa til han: “Eg ser deg sjølv om du er på den andre sida av gata, for nå har eg fått nye briller, og då ser eg alt…”

Ingrid og eg starta dagen med ein spasertur langs stranda. Havet som var mørkt flaskegrønt for to veker sidan, var krystallklart i dag. Vatnet var bortimot behageleg på temperaturen, og medan me var der trakk badegjestene langsomt ned på stranda med solstolar, badehandkle, spann og spader. Me snudde då me oppdaga at me hadde kome til naturiststranda. Me hadde ein liten diskusjon på kva som er naturleg og ikkje, og Ingrid er rimeleg klar på at ho ikkje kan forstå at nokon synest det er eit problem å bruka badedrakt.

Folk oppfører seg merkeleg i varmen. Ein godt vaksen mann, som ingen av oss kjende, gjekk rett mot Ingrid. Då han var ein meter frå henne, løfta han armane sine og ropte BØH! Hendinga gjorde meg rett og slett i godt humør, eg har smilt av det resten av dagen…

Odd Christian har framleis besøk av Marianne. I dag har dei vore ein heil gjeng og leigd dykkarutstyr og dykka i sjøen. Dei hadde teke dykkarsertifikat på folkehøgskulen. Eg må innrømma at eg var letta då eg fekk melding frå Odd Christian om at han var vel på land att… Då dei kom heim fekk eg henne nesten til å seia at det var fine solbriller eg hadde kjøpt. Då Odd Christian sa at dei var litt små, sa ho at dei dekte jo auga mine heilt fint…

Veret er nydeleg. Me har ete Chicken Tandoori på verandaen. Eg har framleis litt att med tanke på førebuingane til Solgården, men det går framover.

Heidi

From → Uncategorized

11 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Åh……kjente du meg bare på lyden igår ?????
    Gratulerer med nye briller.

  2. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    Det var utrolig billig for to par, her spiller de «Singing in the rain» i tøff bluestakt, det svinger skikkelig.

  3. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Vett du, Leif, eg tenkte; Hu kan umulig ha hatt på seg briller da hu så på rekningå. Men eg sa det ikkje.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Dette er tydelegvis kvelden for kommentarar, kommentarane har regna inn bare medan eg har site her og skrive, det er utruleg kjekt!

    Gunn: Takk. Eg må nok snart møta deg igjen så eg kan sjååå deg betre…

    Leif: Kanskje eg kjem til å sjå på deg og med heilt nye auge?i alle fall med nye briller… Det høyrtest ganske stilig ut. Her er det singing in the sun.
    Mykje musikk her i huset og. Halvard lagar to- spors-innspelingar med gitar. Eg let meg imponera over komposisjonane hans. Først lagar han ein slags melodi med akordar, og så improviserer han over akkordane med fingerspel. Han hadde lagt både brigde og refreng inn i komposisjonen.

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Jo, då Gunn. Eg hadde visst på meg briller. Men det er litt vanskeleg å fokusera på skrift med nye briller. Var i ein butikk etterpå og bad om å få sjå på kassalappen fordi eg lurte på om det kunne stemma. Då vart eg heilt forvirra og sa at det såg greitt ut, men eg lurer framleis på om eg ikkje hadde betalt hundre kroner for mykje… 😉

  6. Ukjend's avatar
    Leif permalink

    når du fikk brillene så billig, er det jo logisk at du må betale dyrt andre steder (ying&yang)

  7. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Solglasögon lär skydda mot grå starr, så använd dem du!
    jag har slipade solglasögon sen länge, men det blirinte så ofta av att jag har dem på, tyvärr.
    Nu blir det kanske lättare att brodera också?

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Leif: Det er klart… Og det var i innbyte på to bukser eg hadde hatt liggjande så lenge at eg ikkje var sikker på om eg fekk byta dei. (For små til Halvard)

    Tintomara: Grå stær vil me ikkje ha…

  9. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg gler meg sjølsagt til å sjå deg in the sun(glasses)!

  10. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Eg gler meg sjølsagt til å sjå deg in the sun(glasses)!

  11. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Torhild: Alltid godt å ha noko å sjå fram til…

Legg att svar til Torhild Avbryt svar