Underleg kjensle
å gjera seg klar for ein ferie. Ute regnar det og det er grått, og me skal førebu oss på to veker sol og varme.
Slike gonger blir eg overmanna av ei merkeleg uro. Eg kjenner at stressnivået inni meg blir skyhøgt, men eg trur ikkje det viser på utsida.
Plutseleg kjenner eg at eg er trøytt og sliten. Eg blir fomlete og klønete, – endå meir enn vanleg, og veldig distré fordi eg ikkje klarer halda tankane der dei høyrer heime. Eg må fortelja meg sjølv at nå må eg konsentrera meg, pusta roleg inn og ut og kvila i det eg gjer… Nokre gonger lukkast eg i det… Akkurat nå kjennest det veldig bra, men så er eg i yndlingsposisjonen min med fingrane på tastaturet…
Litt av uroa skuldast nok at eg har slite med skikkeleg flyskrekk i mange år, men nå reknar eg meg som nokså kurert. Men heilt daglegdags er det jo ikkje å fly til Spania likevel. Så er det det at eg har ein jobb framfor meg. Eg skal vera leiar på eit barneopplegg på Solgården, det går heilt sikkert fint, men det gjer at det er endå fleire ting eg må halda styr på. Eg må få med kristuskransar, handdokke, program, teikneark, fargeblyantar, namnelister, capsar, klesklyper til å ha namn på, ræppen eg har skrive, biletbok… Og så gjeld det å ikkje pakka ned meir enn eg treng.
Og ferie skal det bli og. Mesteparten av tida har eg faktisk fri til å sola meg, bada, lesa bøker, gå på oppdagelsesferd, bli kjend med nye menneske osv, og det gleder eg meg veldig til.
I dag då eg var ute for å handla teiknesaker, kjende meg meg plutseleg superstressa: Først reiv eg ned ein stor boks med kulepennar som rant utover golvet, og eg måtte plukka dei opp. Så stod eg i kø for å betala og rota gjennom korta mine fire gonger utan å finna bankkortet. Bak meg var det kø, og ho som ekspederte var utålmodig. Eg sa at eg måtte ha gløymt kortet heime, og bad om å få setja varene att for å finna mannen min og låna pengar av han. Vel nede med rulletrappa tok eg ei heilopprydding i veska og fann kortet liggjande laust utanom lommeboka. Så var det rulletrappa opp att, unsylda seg så sjarmerande eg kunne for ekspeditrisa og ned att.
Eg kom på at eg sikkert hadde drukke alt for lite vatn i dag og gjekk til kjosken for å kjøpa ei flaske. Der vart eg ståande og leita gjennom lommeboka igjen til eg fann kortet laus i veska ein gong til. Merkeleg nok gjekk eg ikkje på nokon som bar ein stabel egg eller bøker, og merkeleg nok fann eg bilen att. Eg hugsa til og med mobilnummeret utan å sjekka då ekspiditrisa den første plassen trong det for å dokumentera den avbrotne handelen.
Kanskje det er håp? Verken hjarteinfarkt eller demens på gang… Eg må le av meg sjølv midt i galskapen. Og minner meg sjølv på at eg aldri skal bli irritert på fomlete og distré personar. Dei treng det bare ikkje.
Kan ein eller annan frakta meg trygt til Spania? Nå skal det slappast av. Først må eg bare… Det er eit slags tidsur inni meg som må ha press for å fungera. Eg får aldri til å for eksempel pakka ein koffert før i siste liten. Eg har nærmast irritert meg litt over at ungane mine har pakka i fleire dagar alt… Ein ting om gongen…
Heidi