Gå til innhald

For å løfta opp ein vanleg,

november 1, 2008

uvanleg ettermiddag og kveld så kan me jo plukka fram ein torsdag sist i oktober.

Kjærasten min har ein merkeleg sans for det litt spesielle.
Han elsker å sitja på litt snuskete kafear og observera livet der. I tillegg er han ein hund etter å prøva ut alt der måtte finnast av ny teknologi. Det hender at eg heng med i svingane som ein nysgjerrig om enn ein smule skeptisk passasjer.

Nå hadde han booka oss inn på eit hotell med konseptet “cityboks”. Der var det ikkje eit levande menneske som tok i mot oss, men ein stor touch- skjerm. Der fekk me eit låskort slik at me kunne slusa oss inn på romet. Eg var redd det skulle visa seg å vera sånn omtrent ei glattcelle med ei seng, men romet var i grunnen heilt greitt. Det var eit rom med breibandtilkopling, men ikkje fjernsyn. Det var do og dusj på gangen, og på roma var det kjøleskap og kokeplater om ein ville koka seg mat.

Me hadde avtalt at me skulle eta middag med Odd Christian. Eg gler meg alltid til å møta han når det er lenge sidan sist. Han hadde heldigvis kome seg etter lungebetennelsen og kom rett frå praksis på ungdomsskulen og kollokviegruppe på lærarskulen med tung ransel på ryggen.

Me hadde lurt på mongolsk mat, men ende opp på ein pizzaplass der me vart sitjande lenge og snakka. Me hadde lyst til å gå på kino, Odd Christian var trøytt og reiste tilbake til hybelen sin etter middagen. Me bestemte oss for å sjå “Det stille lyset.”, ein mexikansk film måtte jo passa bra for oss to spanskstudentane. Det var ein time å venta på filmen, og ute var det kaldt. Me fann oss kvar vår lenestol inne på kinoen, og sokk ned med kvar vår gratisavis om inneverande og komande filmar. Det lukta så koseleg og lunt av vaflar, kakao og kaffi frå kinokafeteriaen. Kjærasten min sovna i stolen, det var nå me merka at me hadde vore oppe sidan kvart på fem om morgonen for å nå flyet og forelesningane.

Filmen var noko av det mest spesielle eg har sett. Han var frå eit menonittarmiljø i Mexico. Den sommaren me var i USA møtte me ein menonittarfamilie frå Canada. Dei hadde med seg fire eller fem små barn. Jentene hadde lange kjolar slike som dei brukar i “Huset på prærien”, og gutane hadde bukseselar og gammaldagse skjorter. Mor deira hadde kyse og sånn kjole som dei brukte i USA kring århundreskiftet. Dei virka utruleg sympatiske.

For uinvidde så kan det kanskje forklarast slik at menonittane er ein meir moderat variant av Amish- folket.
Det meste av dialogen i den mexikanske filmen foregjekk på eit slags platt-tysk, det tradisjonelle språket til menonittane. Filminga var utruleg vakker, og utruleg langsom. Dei lange stillbileta kunne kanskje minna litt om Bergmann sin måte å gjera det på.

Temaet i filmen var utruskap, og her var det skildra frå ein heil ny vinkel. Hovudpersonen hadde ei kone og ein stor ungeflokk som han var oppriktig glad i. Samtidig forelska han seg i ei anna menonittarkvinne og dei utvikla eit seksuelt forhold. Han var ærleg om dette overfor kona si, som prøvde å leva med at ting var som dei var. Mannen ønska å vera gudfryktig og godt menneske, og fabulerte om kor vidt det kunne vera Guds vilje at han skulle møta denne andre kvinna.

Det heile var så befriande langt frå Hollywood at du kan gløyma det meste du veit om kjærleiksfilmar viss du går for å sjå “Det stille lyset”. Hovudpersonene er velsigna frie frå botox og silikon, og eg går ut frå at dei må tilhøyra det miljøet som er skildra for å kunna spela på den måten og for å kunna snakka språket.

Om du er tolmodig og open og nysgjerrig, så trur eg du kan få ei stor filmoppleving av denne filmen. I alle fall så opplevde me det slik. På veg heim til cityboksen vår var me innom ein daglegvarebutikk som haldt ope til tolv om natta for å kjøpa med litt frokost til neste dag. Det er ein merkeleg verden.

Og nå ventar nok skurefilla veldig på meg…

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Wenche permalink

    I så fall må dei vera utbrytarar, for er ikkje det heile ideen, at dei lever fråskilt frå utanomverda, «the English» som Amish-folket kallar alle andre. Då tek dei ikkje del i verdslege aktivitetar. Amish-folket går på skule i 8 år. Då er det slutt. men eg veit ikkje kva som skil menoittane frå Amish-folket. Kunne tenkja meg å sjå filmen! Beli så fascinert av Amish-folket etter at eg var i USA i fjor. på Luther college i Decorah.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Eg er og litt usikker på akkurat det om det ville bli akseptert at dei var med på å laga ein slik film… Men menonittane er mindre spesielle enn Amish-folket. Det er mogleg at det let seg gjera å leva som ein litt lunken og liberal menonitt? Viss du ser filmen hadde det vore spennande å høyra kva du tenkjer om han.

Kommenter innlegget