Luke 1
Adventkalenderen opnar seg. Med kaffi og varm dusj og ein liten presang. Seine jenter, litt sein på jobb, litt glatt på vegen.
Eg hentar Amarylissen, så skal eg henta adventstake. Men kor er staken og kor er lysa? Eg får hjelp. Berit kjem med lilla lys, Helen kjem med adventstake, kor ho fekk han frå veit ingen, men nå blir det adventlys i 6B og.
Pavarotti og “Som i et speil og i en gåte.” Kleshenger i taket med adventshjarte på. Hjarte fulle av varmande ord. Eit for kvar dag i tida som skal koma. Kakao i krus og sprell levande ungar.
Aulaen er oppteken, det får bli veslesalen. Eg kler meg i blå kjole og skiftar hovudtørklæ. Eg er kvinna ved Sykars brønn med den store grøne krukka etter bestemor, eg er Marta som ser Lasarus koma ut av grava med lik-klede på hender og føter.
Ettermiddagen er kakebakst. Det luktar godt av gløgg og klementiner, og bittesmå kjeks med fingerkrem i midten er barndom mot tunga mi.
Til slutt bøner frå meg og frå dei andre. Me lener oss mot tilliten til livet og let orda koma.-
Og kjenner det er sant det som står i salmen:
“Jeg er i Herrens hender, når dagen dør i vest.
Min synd jeg stilt bekjenner for han min høye gjest.
Han gir meg himlens nåde, han setter englevakt.
For natten vil han råde, med hellig guddomsmakt.”
Heidi
ja vidunderlige sprell levendes unger 🙂 og i et speil i en gåte – fantaatisk bok 🙂 takk for en flott star på dagen 🙂
Har lese innlegga dine litt tilbake i tid. Det er så koseleg! Eg er enig med OC at du har godt av å kjenne å ikkje vera best, men fy søren du kunne i alle fall bli premiert for sjarm og innsats. Sjølv om eg ikkje har tatt eksamen i det siste, har eg vore nokså aktiv allikevel. Eg hadde undervisning på vidareutdanninga i kreftsjukepleie om smertelindring forrige veke. Det var ein bøyg, men kjenner at det gikk bra. Eg har vore på dagstur til Bergen i eit frykteleg snøvær, København, Fredrikssund, Vejle, Billund, Oslo sentrum, Engebret cafè og fått livets realiteter og triste skjebner i form av «trafikken» i Oslo sentrum. ein heilt vanleg mann, med barnesete og stasjonsvogn parkerte der vi gikk forbi og venta på ei prostituert. Trist! Snøen lava ned i gatene og der stod damene på kvar sitt hjørne og sogte sine tjenester til ein svært lav pris. Eg kjøpte også boka =OSLO av ein mann på Karl Johan. Eg hadde ikkje penger, men sa at eg ville gå i minibanken og ta ut. Etter ei stund gikk eg tilbake og kjøpte boka av den same selgaren. Han vart så glad for at eg kom tilbake, at det var hjerteskjerande. Det er sikkert veldig mange som seier det samme som meg, men går ikkje tilbake.
Så kjekt å lesa, Eva Mari. Eg saknar dei hyppige Osloturane eg hadde i fjor. Takk det same, May Brit. 🙂