Gå til innhald

Havregryn kvart på to om natta.

november 27, 2008

Eg var nok meir prega av gårsdagen og eksamenslesinga enn eg trudde. Då klokka var ni om kvelden var eg heilt utlada. Eg la meg grytidleg, og vakna klokka elleve og fekk ikkje sova att… Muntleg eksamen sveiv rundt i hovudet i lag med spanske verb, og eg lurte påkva eg skulle gjort annleis. Men eg veit jo at eg gjorde mitt beste, og tok ein sjanse og thats it.

Då eg vakna var eg svolten, for i går var det slik at eg først var for travel og spent til å eta noko særleg og, etterpå hadde eg ikkje så lyst på mat.

Men ein står ikkje opp om nettene for å eta, i alle fall gjer ikkje eg det. Men kvart på to kapitulerte eg etter å ha lege og vridd meg fram til då. Eg fann ut at her var det like godt å stå opp og bli litt mettare, og kanskje skriva av seg litt spenning.

Så her er eg. Havregryn med mjølk ete med teskei for at måltidet skulle vara ei stund smakte nydeleg. Kanskje eg skulle avrunda nattmaten med ei appelsin og eit tend stearinlys før eg kryp til køys att…

I morgon har eg atten ungar å ta meg av, og det gler eg meg til. Det som blir den store utfordringa er eit stort strikkeprosjekt siste halvparten av dagen. Fjorten meir og mindre nybegynnarar i strikkekunsten skal setjast i gang. Heldigvis har eg verdens flottaste sivilarbeider med meg i den første økta, og eg og han har gjort dette tre gonger før. Han begynner å bli relativt stø i handverket etter tolv veker, så om ikkje anna så kan han gå ut av siviltenesta ein gong i vår som ein habil strikkar…

Til helga skal eg vera med og ordna til til julemesse i kyrkja. Så skal eg og kjærasten min på tangokurs for vidarekomne… Ikkje kom her og sei anna enn at eg kastar meg uti ting utan å vera alt for sikker på at eg skal klara det. Det er sikkert sunt for flinke jenter som eigentleg liker å vera flinkast i klassen. Her skal hovmotet tøylast og grensene tøyast…

Og det å sitja oppe om nettene og skriva er ei fredeleg og avslappande greie… Var det ikkje det eg visste? Dette her kunne lett blitt ein farleg vane.

Å dansa tango med livet… Este le mio!

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Torhild permalink

    ….Herlege Heidi! Vær så snill å ikkje tenn lys om natta…..!!

  2. Trur du har godt av å vite hvordan det er å ikke være best 😛 høres koselig ut med en appelsin og lys… gleder meg til å komme hjem jeg 🙂

  3. Gunn permalink

    Skulle tro Torhild og meg hadde gått i samme klasse for jeg denkte samme tanke mens jeg leste; Ikke tenn lys om natta Heidi! Du impnerer med alt du gjør og tør. Følte meg plutselig litt treg og sidrompa her. Og bekymra for levande lys. Kanhende jeg burde begynne å lese spansk heller !

  4. Heidi: permalink

    Ja, les spansk Gunn! Og eg er litt for lite redd for levande lys, kanskje, tenner dei overalt. Morar meg akkurat nå over at mor mi sikkert ville ha sagt akkurat det same som Torhild og Gunn… Oddi, min prins: Me ska sitja oppe om nettene i jula du og eg med lys og kaffi og appelsiner…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: