Luke 9
Intenst.
Har det vore i dag. Først seks timars øving der eg tilsaman hadde ca fem minutt pause. Det er magisk og spennande og stressande på same tida å prøva å forma ei halvferdig forestilling til eit sluttresultat. Konklusjonen blir vel at syttifem ungar er i meste laget og me kunne godt hatt ein gjennomgang eller to til før premieren.
Likevel, – trass i alle småtinga som kunne vore annleis og det at det ikkje alltid er lett å byggja opp energien til det nivået me aller helst skulle sett, så ser me mange små mirakler. Barn som plutseleg vågar, barn som glitrar, barn som tek ansvar…
Etter øvinga var det å gå i gang med neste arbeidsøkt: To dramaklassar.
Nå er eg veldig klar for å kvila. Så klar at eg trur eg skal gå rett og legga meg. I morgon har eg ein like lang arbeidsdag framfor meg, bare at me begynnar ein halvtime tidlegare enn i dag med å sminka barna til kattar. Det er best for alle partar å skaffa seg ei lang og roleg natt.
Men halsproblemet er borte vekk, takk og lov for det.
Kryss fingrane for oss og kattelivet i morgon.
Heidi
lykke til!!
He høyrt Tonje he snakka om dette her katte-greiene 😉 høyres spennande ut!
Synd du er så langt borte slik at du ikkje får sjanse til å sjå det.