Gå til innhald

Striskjorte og havrelefse.

januar 2, 2009

Så er det tilbake til striskjorte og havrelefse, brukte far til Anne Mette å seia når ein ferie var slutt…

Og sånn bortimot bokstaveleg talt så var det striskjorte og havrelefse frå i dag av. Etter ein juelferie i lettsinn med minimale sperrer for karbohydrat og den slags styggeskap, så skal eg i løpet av denne helga spole meg inn att på den smale stien. I dag var det havregraut og frosne blåbær att til frokost, og det smakte heilt utmerka.

Så var det på med kvardagsklede, som kjendest litt trongare enn før jul, men det skal dei ikkje vera lenge.

Eg skulle stå tidleg opp, men sovna att… Men når eg først hadde kome meg godt og vel på sporet, så har eg brukt mesteparten av dagen til å jobba.

Eg har jobba med tekstane som elevane på skrivekurset mitt har laga. Det er veldig spennande og veldig arbeidskrevande. Når eg les nøye gjennom det dei har skrive kjenner eg på ein måte på min eigen kropp korleis det kjendest å vera tolv eller fjorten år, og vera på jakt etter orda for å beskriva det eigentlege. Den einaste utfordringa med dette arbeidet er at det er veldig tidkrevjande. Eg brukar omtrent to timar på å jobba meg gjennom kvar av mappene, og eg har ti elevar.

Så har eg skrive ei scene til eit skodespel ut frå boka “Jørgen + Anne = sant”, av Vigdis Hjort. Jan Ivar har skrive to tilsvarande stykke, og karer me to til i løpet av helga, så er me i mål.

Dei siste kveldane har me spelt spel her heime. I går var det Minigeni, og i kveld eit slags ordspel. Eg kjøpte ein variant av brettspelet “Alias”, som Odd Christian hadde lyst til å spela, men som dei var utselde for i alle bokhandlane her. Det er kjempekoseleg med spel. Nå er det bare eit par dagar att til ungdomane i huset skal reisa tilbake til skulane sine.

Og som ved enden av alle feriar. Det kjennest vemodig at ferien allereie er ved enden. Likevel kjennest det OK at kvardagane står der og ventar i lange rekkjer ein stad på den andre sida av helga. Som alltid skal eg prøva å tvihalda på juletreet ei stund til. Kvart år ender det med at eg vil halda fast medan dei andre vil rydda vekk. Å gje slepp på er ikkje mitt fremste karaktertrekk…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget