Gå til innhald

Den gode delen.

januar 1, 2009

Ofte er eg Martha. Martha frå bibelen. Ho som strever og ordnar og vil hjelpa til så ting kan bli bra. Det hender og at eg er Maria. Ho som set seg stille ned for å lytta etter sanninga.

Det var så fint i dag tidleg. Eigentleg var det ikkje tidleg lenger ein gong, men eg tende alle dei levande lysa og fann fram nokre tidsskrift eg ikkje har hatt tid til å lesa desse travle dagane kring jul.

Først opna eg “Korsvei”. Korsveibevegelsen har på ein måte vore ryggrada i trua mi. Eg opnar bladet og ser bilete frå Milepælsamlinga i sommar, eit arrangement eg ikkje fekk med meg. På biletet er det dekka bord. Eit vakkert bord med tallerknar, lys og stetteglas, på ein av tallerknane ligg ein kristuskrans, bordet er dekka med druer og brød og ein invitasjon til å søka felleskapet kring Jesus Kristus, han som venter på deg med brød og vin og levande vatn.

Eg ser på biletet, og kjenner at eg gjerne ville teke plass ved det bordet. Eg kjenner at eg lengtar til Korsveisamlingane, og kjenner litt sorg over at eg truleg ikkje vil vera der i sommar heller. Eg reknar med at eg skal vera fire veker i Spania. Det blir klart for meg at impulsane frå Korsvei er noko eg vil ta med meg til Spania. I fjor hadde eg bygd barnesamlingane kring det å oppdaga Kristuskransen. Kva det kan bli i sommar veit eg ikkje endå.

Så blar eg vidare i bladet, og kjem til ein artikkel med tittelen “Å leve med en åndelig rytme.” Der står det om noko dei kallar “Den nye klosterbevegelsen”, inspirert av Iona og den keltiske spiritualiteten. Eg kjenner dette er ting som treff meg midt i hjartet. Opphaldet på Iona var noko av det finaste eg har vore med på. Over skrivebordet mitt har eg framleis eit postkort der i frå der det står skrive:

“Holy spirit of God, brooding over Ionas wils restless waters; laughing with the wind`s fury or gentle touch rising with the sun and settling amidst the stars,-
Be present here amongst us. Amen”

I artikkelen står det om menneske som har bunde seg til nokre enkle livsreglar. I Norge finst det i følge teksten ei gruppe som kallar seg Aman Kara. Aman Kara betyr sjelevenn eller medvandrar. Dei som er med har ti reglar dei prøver å rette livet sitt etter. Nokre av desse er : Livslang læring, livsrytme, forbøn, enkel livsstil, omsorg for skaparverket. Dei bind seg til etter beste evne å leva etter desse reglane med fridom til å finna ut kva dei vil legga mest vekt på. Alle får ein medvandrar som ein med jamne mellomrom har samtalar med om desse tinga.

Ei jente fortel om ein anan bevegelse ho har vore i kontakt . Simple Way Community i Filadelphia USA . Dette blir kalla “New monasticism”. Nokre av reglane dei lever etter er: Dela økonomiske ressurser med andre, alltid vera gjestrfri, ta vare på skaparverket, søka å skapa fred i eit voldeleg og kongliktfullt samfunn, leva i kontemplasjon.

Eg har alltid kunna forstå at nokon vel å leva i ein klosterkommunitet. Eg er overtydd om at det finst dybder ved livet som går oss travle og grådige moderne menneske hus forbi.

Eg har ikkje meld meg inn i “New monasticism”, men eg kjenner det rører ved lengten min på ein fundamental måte. Eg trur det ligg noko her som er viktig for nåtida og framtida.

Ved middagsbordet snakkar eg begeistra med familien om det eg har lese og tenkt. Dei ser på meg med litt bekymra bilikk: “Nå må du ikkje bli heilt fanatikar, mor.”
“Dette høyrest litt ut som ei sekt.”… Eg seier at då har dei ikkje forstått kva det dreier seg om, og kjenner at eg til mi eiga overrasking her og nå kunne hatt lyst til å melda meg inn i ei slik rørsle.

Forsåvidt er eg det frå før gjennom Korsvei, men eg tenkjer at eg gjerne skulle vore med i noko endå meir forpliktande der ein systematisk støttar einannan i ein livsstil som er annleis enn den materialistiske og kommersielle.

Og etterpå las eg magasinet Strek, som kallar seg eit sentralstimulerande magasiin om tru, aktualitet og rotfeste. For å ikkje drukna teksten over vil eg bare rett og slett anbefala det. Les Strek og bli klokare.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Anonym permalink

    Ja, den lengten kjenner eg og, men eg er nok lenger i frå enn du….fint å lesa når ein kjenner seg att

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Kjære namnlause. Det er ikkje så lett å vita kva som er nært eller langt borte om ein ser filosofisk på det. 🙂

Kommenter innlegget