Alle ting nye,
og alle ting ved det gamle. Då eg sette meg ned og lurte på kva for nokre tankar eg skulle halda fast på og bloggfesta, dukka det opp ein gammal song frå eg song i kristent ungdomskor på slutten av syttitalet: “Se jeg gjør alle ting nye, sier vår Gud. Amen!” Denne linja vart sungen om og om igjen med eit jublande amen innimellom. Dei som har denne same songen med i bagasjen sin kan nynna på han medan dei les vidare.
Kanskje tanken kom fordi det er nytt år, og då liker me å lata som om alle ting er nye. Me er jo glade i blanke ark og farjestifter tel.
Eigentleg hadde eg ikkje tenkt å hiva meg på nyttårsløfte i år, men litt inspirert blir ein jo av å lesa på blogger og i aviser kva ulike menneske står fram og seier at dei vil satsa på i det nye året.
Songaren Maria Solheim skriv i avisa Vårt Land at ho pleier å laga seg eit motto for det nye året. Dette året hadde ho eit todelt motto; ro og kreativitet. Det høyrdest jo forlokkande og fint ut. Det var rett og slett eit motto det kunne vore lett å stela.
Første nyttårsdag då eg sette meg ned og las i fred og ro skjøna eg at eg lengtar etter å konsentrera meg endå meir om å ha ein åndeleg dimensjon over livet mitt. Eg vil
gjerne vera lyttande. Eg vil gjerne lytta meir til Gud, til andre menneske, til meg sjølv og til livet mitt. Eg vil gjerne bruka meir tid til å trenga inn i mysteria som kan
omsetjast til sjelestyrke og kvardagsliv.
Helga har kome med mange gode ting. Både på fredag kveld og lørdag kveld var eg i lag med gode venner. Det er så godt å ha venner. Eg er djupt takknemleg for å kjenna så mange fine folk.
Og eg har fått rydda soveromet, rydda ut jula, vaska og herja. Eg har til og med fått vaska dei kvite kjøkkengardina, som snart ikkje var kvite lenger. Eg er veldig fornøgd med det, men eg slit med å akseptera kor mange timar i veka ein er nøydd til å jobba med saka om
huset skal vera nokonlunde reint og ryddig… Noko det forøvrig må innrømmast at dette huset ofte ikkje er.
Inger og eg starta ein gong ei forening til fremme av lenger døgn. Til nå har me ikkje vunne fram med vår kampsak nummer ein… Døgna er og blir for korte. Eg går ut i frå at det på mange måtar er eit luksusproblem. Nå må eg for eksempel velja om eg skal lesa ei bok, rydda kjøkkenet, setja på ein vaskemaskin, skriva meir blogg, brodera på eit broderi eg starta i går kveld, skriva eit dikt, eller rett og slett gå og leggja meg,- som eg djupast sett heilt opplagt burde gjera.
Eg har sett filmen om Max Manus som gav meg mange tankar. Mange tankar sviv og til den innfløkte konflikten i Gaza. Det er eit stort paradoks for meg at verda framleis tyr til vald og våpenmakt etter alle erfaringane me menneske burde ha gjort oss.
Og så har eg oppdatert meg maksimalt på Svartedauden for å kunna gje elevane på sjette trinn ei innføring dei skal hugsa lenge. I tillegg jobbar eg med innhaldet i ei stor tiandeklasseforestilling med tittelen “Blå”. Det er eit omfattande samarbeidsprosjekt med litt andre samarbeidspartnarar enn dei eg etterkvart kjenner ut og inn og rangt og rett. Det er spennande.
Verda er ein merkeleg plass.
Heidi
Svartedauden – är det vad vi på svenska kallar digerdöden?
Ha ett gott 2009 ifall jag inte sagt det förut!
Ja, det er det same som digerdøden.
Takk, ha eit godt år du og. Gode ting kan ikkje seiast for ofte. 🙂