Gå til innhald

Rennedrev

januar 17, 2009

kaller me det her i sørvest når stormen er blanda med snøføyke. Det bles godt her nå, men det snøar ikkje. Derimot er det meld skikkeleg uver med snø langs sørlandskysten, og akkurat der skal me ut og kjøra om nokre timar. Vår gode venn Frode fyller femti år i dag, og me skal til Grimstad for å feira han. Det gler eg meg til.
Og turen dit kan bli spennande, trur eg.

Halvard skulle til fjells på speidartur og Sunniva skulle til Sirdalen med snøbrettet sitt. Heldigvis er begge turane innstilte. Det er rett og slett ikkje høveleg ver for denslags denne helga.

Eg har hatt ei gild og travel veke der alt skulle skje på ein gong på kveldstid. Slik er det når tannhjula skal skrust i gang for eit nytt semester. I tillegg har folk vore sjuke og vekkreiste på diverse kurs på jobben, så eg har måtta steppa inn og ta timar eg normalt ikkje skulle hatt. Det har gått fint, men vore veldig intenst, og i går kveld var eg trøytt i heile kroppen som etter ein tredagars skitur. Det siste har eg aldri vore på, men det ser fint ut å skriva det, og det er sikkert slik omtrent det må kjennast…

Tonje har vore på overnatting hos oss. Halvard imponerer henne med kort-triks nede i stova. Det er koseleg at ikkje alle i familien er tenåringar endå, men nå er det snart bare Tonje igjen som ikkje er vaksen, om eit drøytt år er ho tenåring ho og. Ho har ein vidunderleg humor og får meg til å le, og ho har ledd av tante og onkel sin improviserte konsert ved pianoet.

Men nå må eg finna ut kva eg skal ha på meg i femtiårsdagen, for snart må me reisa. Eg har funne fram igjen “Veven” av Martin Lönnebo. Det er den beste pilgrimsboka eg veit om. Ein skal bruka eitt år på å lesa ho, og nå legg eg ut på min andre runde. Eg anbefalar boka varmt og inderleg, og kostar på meg nokre sitat der i frå til slutt.
*
Salige er de vevere som følger sin innerste lengsel,
de vever sine egne vinger.
*
Salige er de vevere som følger sin ytterste lengsel,
de vever vinger for mange.
*
Salige er de som trofast og ømt slår inn de trådene som livet gir dem. Deres vev kommer til å bli forvandlet til lys.

Martin Lönnebo

Heidi

5 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Så fint! Är han översatt till norska eller gjorde du det?
    Förstår att du haft snärjigt i veckan. Ha nu riktigt roligt på kalaset!

  2. Ukjend's avatar
    Torhild permalink

    Håpar kjøyreturen går greitt! Eg har bruka meir enn to år på å koma gjennom Lønnebo si bok – har berre eit par kapitler att, og så startar eg på kapittel 1 igjen!

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, Lönnebo er omsett til norsk.
    Nå er eg heime att Torhild. Turen gjekk fint sjølv om delar om han var på sørvestnorsk vinterføre på sitt nest verste.

  4. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Veven, ja! Eg har og brukt lang tid, 1,5 år og er på dei siste kapitla. Kan ikkje tenkje vakrare, djupare lesnad! Lønnebo får sagt det! Betre enn dei fleste! Definitivt også min favoritt på området! Ellers er Henri Nouwen og Wilfred Stinissen òg godt brukande! Rennedrev høyrest forresten heimsleg ut! Slikt har me sjeldan her aust…

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, stakkars deg som må leva utan eit forfriskande rennedrev i ny og ne. 😉
    Då eg gjekk heim torsdag kved bles det så kraftig, og var så surt, at eg måtte ta av meg brillene. Både fordi dei vart så nedkjølte at eg fekk vondt i biholene, og fordi dei haldt på å blåsa av ansiktet…
    Fint for deg at du kan gle deg til ein forhåpentlegvis blåsande vestlandstur om ikkje alt for lenge. Gler meg veldig til å sjå deg.

Kommenter innlegget