Gå til innhald

Elle melle, deg fortelle…

januar 21, 2009

Det var så fint å vera i Frode sin femtiårsdag. Det er noko fint med det å fylgja nokon gjennom livet, treffast med jamne mellomrom, og kjenna at vennskapen både er som han har vore, men samstundes endrar seg fordi livet sjølv endrar seg heile tida. Det var ein glad jubilant som møtte oss i døra med findressen på. Frode har evna til å gle seg oppriktig og inderleg over hendingar og over livet.

Og Ingjerd hadde laga det så fint. Ikkje til forkleinelse av nokon av mine flinke, ryddige, kreative og interiørsterke venner, men Ingjerd har ei eiga evne til å skapa det vakre. Ho har ei sjeldan evne til å omgje seg med estetikk som det gjer godt å vera i. Det er ikkje for ingenting at ho driv blomsterbutikk og er blomsterdekoratør. Måten ho får blomar til å bli små kunstverk er beundringsverdig. Og på badet over det gammaldagse badekaret hadde dei hengd ei smijarnslysekrone med levande lys i.

Me var ikkje så mange i selskapet, så det var mogleg å snakka med alle. Mannen til høgre for meg fortalde at han hadde vore tibetansk buddhistmunk eit år av sitt liv. På ein tur til India hadde han på grunn av misforståingar og mistankar sete i ei fengselscelle med eit handvåpen peikande mot seg i eit par døgn. Då misforståinga var oppklart og han skjelvande gjekk ut på gata for å nyta fridomen støtte han på ein buddhistmunk, og han tok det som eit teikn. Han hadde framleis ein lærar i India som han møtte med jamne mellomrom til åndelege samtalar
dersom eg forstod han rett.

Dei fem døtrene til Frode var alle heime for å ta del i feiringa. Eg har halde dei alle saman som spedbarn, og nå sat dei der og var meir eller mindre vaksne alle som ei.

Medan eg var der forstod eg plutseleg at fortida ikkje er ei lineær greie, ho er ordna i sektorar. Som små tematiske kakestykke ligg dei der og byr på minne som alle som eit kjennest forbausande nye når eg set tennene i kakestykket og smakar i undring på alt eg har vore med på.

Kjærasten min er ein hund etter å prøva ut billige overnattingsalternativ. I staden for hotellet me var blitt anbefalte hamna me i eit billighotell beståande av gamle anleggsbrakker på ein parkeringsplass ved jernbanen i Kristiansand. Ein la sjølv på sengetøyet på sengene, og eg var litt redd for at min kjære som fekk overkøya skulle ramla gjennom sengebotnen og ned på meg i løpet av natta. Brakkene var så innrøykte at eg fekk belegg på tennene av å pusta, og då eg skulle dusja stod eg plutseleg med kaldtvasskrana i handa.

Men frukosten som me fekk mot eit tillegg i prisen på ein
kafé i nærleiken var god. Dei spelte stairway to heaven medan eg drakk sterk svart kaffi og eplejuice. Så kjørte me heimover i snødrevet.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: