Det aller meste skal vi ta med hematt…
…og leve lykkelig med sukker på…
Klokka sju var eg fit for fight, den første halve timen har eg drukke kaffi og skrive tankekart over alt som skal ordnast dei komande døgna for at konfirmasjonen skal bli akkurat så fin som eg gjerne vil at han skal bli…
Etter ein minst fire veker lang langspurt, hadde eg eigentleg håpa at utgangspunktet for dei komande døgna hadde vore endå betre… Men utgangspunktet tatt i betraktning, så er det kanskje ikkje så gale… Og kva får ikkje eit menneske eller tre gjort i løpet av førtiåtte timar?
Ikkje tru på meg når eg later som om eg er utruleg flink til å ta det alt som det kjem… Eigentleg er eg perfeksjonist og kontrollfrik, – i alle fall i eit hjørne av sjela…
Sola skin så fint der ute, og fem lister med arbeidsoppgåver ligg klare på den babyrosa kvitprikkete voksduken nede på kjøkkenet…
Eg var eigentleg bare innom dette arbeidsromet for å henta papir til fleire lister…
Eg er dessverre ein litt dårleg administrator, men i dag skal eg prøva så godt eg kan å lokka fram arbeidslysten i Companiharboe…
Det har vore ei veke til med veldig lange arbeidsdagar, men nå er det fri, og huset er fullt. I forgårs kom Odd Christian heim frå Bergen og Berlin med ein skikkeleg stilig hatt på hodet. Er det min son som står der borte med hatt og krøller?
Seint i gårkveld kom Ingrid direkte frå USA med innlagd Mexicobesøk. Oddvar kom frå Porsgrunn og henta henne på flyplassen vår. Ho hadde tunge koffertar med mange presangar til mor, T skjorte med I love San Franscisco, og var i strålande humør. Ho spøkte med “swine-flu”, og hosta høglytt utan å halda seg for munnen. Heldigvis virka ho langt mindre stressa ho som har vore ute og levd reiselivet, enn oss som har gått rundt og tenkt på at “Ungen min var faktisk i Mexico under utbrotet.” Dersom eg var henne, hadde eg sikkert hatt dei fleste symptoma…
Nei, til rors Columbus. Månaden er mai, og eg har eigentleg intensjonar om å vera dagleg maiskribent slik eg har laga meg ein aldri så liten tradisjon på. Ein setning eller to skal eg vel klara å henta fram, sjølv i dei komande dagane. Snart blir me forsterka og berika med overnattingsgjester.
Lenge leve livet…
Heidi