Gå til innhald

Den store dagen.

mai 4, 2009

Det kjendest litt som å snubla før målstreken etter å ha ligge i langtidstrening og ligge an til ny pers på oppløpssida… Men bare for ei stund… Litt har ein då lært seg etter 23 år i eit nokså stressrelatert yrke…

Etter å ha skrive teksten min tidleg i går morgon, lista eg meg ned trappa for å stryka Ingrid si bunadskjorte. Då eg fekk ho på strykebrettet, oppdaga eg at ho ikkje var rein i det heile tatt. Ho hadde tydelegvis hamna i skapet etter siste gongs bruk og ikkje blitt vaska. Etter å ha prøvd å behandla ho lokalt, fann eg ut at her var det bare å handla raskt viss eldstejenta skulle kunna bruka finstasen. Eg lukka augene, for å sleppa å sjå kva eg sjølv gjorde, og heiv skjorta i vaskemaskinen på finaste finvask.

Etter å ha kontrollert kvart tiande minutt om ho ikkje snart var ferdig, kom den største “bunadssynda”: ein halvtime i tørketrommel, før eg strauk skjorta tørr med strykejernet på svakaste varme… Godt fornøgd med bergingsprosjektet, gjekk eg for å vera med på frokosten, som Eva Mari var i ferd med å organisera for resten av husstanden, inkludert overnattingssgjestene. Frokostegg på bordet, kaffi, ost og heimebakte rundstykke. Så langt var alt såre vel…

Så kom Halvard og sa at han ikkje fann den nye dressbuksa si. Konfirmasjonsdressen hadde me kjøpt for fleire veker sidan, buksa hadde me fått lagt opp, og alt burde vera perfekt. Eg hadde sjekka i skapet at skjorte og slips hang som det skulle…

Dressbuksa var i bruk på torsdag då dei hadde prøve i kyrkja med konfirmantkappar og fotografering etterpå. Halvard meinte at han hadde hengt buksa av seg på badet…

Telefon til Sunniva som sov hos tante for å gje meir plass til overnattingsgjester. Ho kunne ikkje hugsa å ha sett nokon dressbukse der, men kanskje i verste fall, nede i vaskekjellaren i ein skittentøysdunk…

Så var det å leita. I skap og i skittentøysdunk. Alle tenkjelege og utenkjelege stader. Me vart meir og meir paniske, klesskapa blei tømte, ikkje bare Halvard sitt, men våre og, i tilfelle feilplasseringar. Utruleg nok såg me ikkje spor av den nye dressbuksa…

Eit kvarter før han skulle vera på plass i kyrkja, gjekk me over på plan B; nemleg å finna ein erstatning. Huset vart finkjemma for finbukser. Alle storebror sine bukser viste seg å vera alt for store, sjølv med belte og provisorisk opplegg. Halvard sine eigne såg ut som pølseskinn, eller var alt for korte… Til slutt fann me ei finbukse som fekk passera. Litt for kort og litt for trang, men etter ein runde med dampstrykejern fekk ho bare vera som ho var. Den fine grå skjorta med slips fekk henga utanpå buksa, og dresstrøya var jo fin… Me fekk han og oss sjølve i veg i tide, og heldigvis var konfirmantkappen så pass lang at ingen kunne sjå at buksa var for kort…

Som dei seier ved amerikanske filmer: Viss nokon har noko å seia nå, så få det sagt eller la det bli “forever unspoken…” Nå var det på tide å la bukse vera bukse og ikkje la ei bukse øydeleggja ein fin dag. For kva er vel ei dresssbukse i den store samanhangen, og kva er vel ei pølse i slaktetida?

Då eg kom meg på plass i kyrkja, måtte eg konsentrera meg om å pusta roleg ut og inn, eg lukka auga mine og bad Gud om hjelp til å la tankane falla til ro. Eg vart bønnhøyrt. Eg sat der mellom far min og Odd Christian, begge ulasteleg antrukne, og kjende slekt fylgja slekters gang. Det var ganske sterkt å blanda min eigen, ikkje alt for melodiøse sangstemme, med alle dei andre og høyra far sin stemme til venstre og eldstesonen til høgre:

Det er vel fagre stunder
når våren kjem her nord,
og atter som eit under
nytt liv av daude gror.

Presten hadde kloke og høgtidelege ord til både foreldre og konfirmantar, og som vanleg måtte eg svelgja ein klump i halsen då dei kom fram ein og ein i dei kvite kappane for å knela på alterringen og få forbøn for alt livet som skal koma, og alt som sidan skal skje dei.

Då dei to unge jentene framme i koret song “Sliding through my fingers” frå Mamma- Mia, rann tårene i små bekkjer nedetter kinna mine, og eg måtte konsentrera meg for ikkje å hulka høgt.

Utanfor etter gudstenesta kompanserte Halvard den litt for korte og tronge buksa med eit par raude solbriller, som fekk merksemda mot fjeset hans. Han såg ikkje ut til å vera plaga av det i det heile tatt, og eg begynte å mora meg over situasjonen.

Då eg kom til festlokalet, hadde eg gløymt to kaker i kjøleskapet heime, og teke med feil songbok til Sunniva, men me var ikkje lenger vekke enn at det greitt lot seg gjera noko med. Far fekk ein tre mils lang kjøretur i pausen for å henta lefsene dei hadde gløymt heime, men slikt er ein bagatell det og. Hadde det ikkje vore for den store skåla med heimelaga gome, hadde eg insistert på at me kunne klara oss utan lefser…

Kransekaka hadde eg klart å lappa greitt saman, sjølv om mange ringar hadde knekt i fryseboksen. Konfirmantfiguren som skulle ha vore på toppen hadde falt ned trappa og knekt av seg hodet, så det fekk bli eit stort jordbær på toppen av kransekaka…

Eg vart litt stressa då det viste seg at den halvparten av maten me hadde bestillt måtte varmast før servering, eg hadde trudd det kunne setjast kaldt på bordet saman med dei varme karbonadane, lasagnen og alle salatane. Eg var redd at Jan Ivar, Kirsten og dei to jentene skulle bli overbelasta ute på det knøttlille kjøkkenet, men det gjekk bra…

Og seinare gjekk det meste som smurt: Jan Ivar og Kirsten, som handplukka syngjande servitørar, song Gabriellas song så vakkert at fleire av gjestene gråt.

Jag vil känna att jag lever,
at jag strecker til…

Maten var nydeleg, det vart ein fin dag med talar, lysbileteshow, leikar, song og musikk. Sunniva song vakkert for bror sin, konfirmanten var strålande fornøgd, og det kjendest godt og rett og fint å vera saman med gode vener og familie.

Og så gjekk det som det alltid går i godt lag, timane forsvann som sand mellom fingrane våre. Plutseleg var det på tide å rydda festlokalet, kjøra heim masse mat og store mengder blomar. Klemma gjester farvel og kjøra dei til flyplassen. Så vart det restefest med dei siste gjestene til kvelds, før me vakla i seng for å vera klar til ny morgon og meir kvardagslege utfordringar…

Då eg kom heim frå jobb i dag, var det restemiddag, og så sovna eg på sofaen under eit forsøk på å lesa avisa. Så dette vart ikkje den store ryddedagen. Stova bugnar av blomar, og over sofaryggen ligg det diversa festklede. Buksa har framleis ikkje dukka opp, men kven bryr seg om slikt nå…

Og det å koma seg i seng nå, er sikkert ein utruleg god idé. Eg har prøvd å leggja ved ei adresse til eit fint bilete av ungane mine og Vilde. Kan nokon gje meg tilbakemelding på om de får til å opna biletet? Eg er på litt vaklande grunn når det gjeld teknologi…

http://farm4.static.flickr.com/3555/3497347365_42b78994f4.jpg?v=1241376197

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Men är det inte typiskt, det där med skjortan! Sånt där händer ju altid precis när det är som olämpligast! Fint att du fixade det ändå. Det var nån mening med att du var uppe så tidigt! 😉

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ja, typisk er det, Tintomara, og du fekk nok bare med første delen av teksten om ting som gjekk gale før alt vart bra. Eg la han ut etappevis, og internett var ikkje heilt til å stola på medan eg skreiv.

  3. Ukjend's avatar
    Tintomara permalink

    Nu har jag läst hela texten och sett bilden också! Jätteroligt, det känns nästan som att jag var med… jag minns mina barns och två av barnbarnens konfirmationer och hur svårt jag har med tårarna i kyrkan. Redan när min lillasyster konfirmerades för den delen…
    Det är mycket lättare med dop, då blir jag inte alls lika berörd fast det är väldigt fint det också.
    Jag har inte riktigt kläm på all maten – vad är lefser och gome?
    Tänk nu är alla dina barn «vuxna». Nu kommer det bröllop och dop så småniongom…

  4. Ukjend's avatar
    Ra-To permalink

    Å, du store verden!! Det var så eg kjende på panikken sjølv då eg las det om buksa! 🙂 Den dukkar nok opp ? kanskje på ein heilt usannsynleg stad?! 😉

  5. Ukjend's avatar
    Ra-To permalink

    S: Gløymde å sei at eg fekk åpna bildelinken ? så fine ungar! Klem te deg

  6. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Tintomara: Lefser er typisk norsk mat, trur eg. Det finst fleire variantar, men her på vestlandet blir lefser laga av poteter og kveitemjøl som blir kjevla tynt, tynt ut og steikt på takke i store flak. Tradisjonelt blir desse tørka og bløytte opp att under rennande vatn når dei skal brukast. Når dei er bløytte skal dei liggja og mjukna litt før dei blir smurde med smør og sukker, bretta saman til rektangulære bitar, som så blir skorne opp til små samanbretta rektangel med smør og sukker mellom laga. Var dette ei forklaring til å bli klok av, mon tru? Det smakar kjempegodt, og er ein eigen kunst å få til å laga. Farmor på 93 har vore veldig flink til det. Det krev handlag og presisjon å få dei tynne. Nå kan dei smørast direkte og frysast i staden for å tørkast og bløyttast opp før bruk.
    Gome er trasisjonelt tilbehøyr til lefser og blir særleg brukt til fest som barnedøp, konfirmasjon og bryllaup. Gome vert laga av mjølk som blir kokt opp og så skild ved å ha i surmjølk. Så har ein i sukker eller sirup og mange egg. 10 egg til to liter mjølk. Denne ostemassen blir kokt i mange timar og får brun farge. Gome blir eten med teskei, og smakar utruleg godt, særleg til lefser. For meg smaker lefse og gome av høgtid. Har de noko liknande i Sverige?

    Ra- TO: Ja, klart buksa dukkar opp att. Eg har ikkje leita. Går ut frå at ho ligg ein stad eg heilt opplagt skulle ha funne ho om ikkje panikken hadde gripe tak i meg… Men nå kan det vera det same med heile buksa… I alle fall før 17.mai.

  7. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Nå lo eg så eg rista, og det gjorde duale godt. Du e et herlig mennesk !!!

  8. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Det er bra, Gunn. Då har det hatt sin funksjon, liksom…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar