Gå til innhald

Ein smak av smugrøyking

mai 13, 2009

innbiller eg meg at eg kjende på i dag. Eg har aldri røykt, og slett ikkje smugrøykt, det har aldri frista, men ein har då andre laster…

Eg måtte ut på byen ein tur i fritimen for å levera nokre bøker og for å finna ut meir om Torvald Tu. Sola skein så nydeleg, og eg var vekdig svolten for eg hadde ikkje fått med meg mat i dag.

På veg til biblioteket vurderte eg å falla for fristesen å kjøpa meg ein softis. Det er sånn omtrent det beste eg veit i heile verda, og veret var bare heilt perfekt for denslags… Eg vurderte det til eg kom tilbake til torget etter bibliotekbesøket, og gav meg sjølv eit heilhjarta ja. Så gjekk eg inn på Tjemsland og bestilde ein stor softis med hakka hasselnøter…

Du all verda kor stor han var, og du all verda kor godt han smakte… Nå hadde eg smugrøykeren sitt dilemma. Skulle eg gøyma meg vekk med nytelsen i hand og munn, eller skulle eg stå opent fram som isetar? Dei fleste eg kjenner veit at eg ikkje et is og ikkje har gjort det dei siste to- tre åra bortsett frå ei og anna uhyre sjeldan utskeiing.

Det var verd det… Men det får ikkje bli ein vane. Og eg åt komler med steikt bacon til middag. Heilt nydeleg. Og korfor eg legg dette ut på internett dersom det er hemmeleg? Eg får svara som Pinn-Ola då han vart spurt korfor han gjekk og bar på pinnar: Dæ æ løye mæ det…

Heidi

From → Uncategorized

7 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Egetisismug permalink

    Åt du is???? Kva i all verda har du funne på no?

  2. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Det finnes foreinger for sånt!

  3. Ukjend's avatar
    Daniela permalink

    Jau, eg har drukke kvitvin og baileys i smug i kveld… trur du at «dæ æ løye mæ dæ???

  4. Ukjend's avatar
    Kesia permalink

    Kvifor svara du ikkje,mi harpe, mailen frå det stoor utland???? Då hadde du nok fått insideinformation….

  5. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Mailen frå det store utland,den har eg ikkje fått, tur

  6. Ukjend's avatar
    Kesia permalink

    På bana att! Tenk at me fann ut av ei stoor og lei misforståing!! No vart eg glad! Ille at heile verda er innblanda! Men det er vel alt mellom linjene som er verst, og det ser jo ikkje alle verdas lesarar! Elskar dei flotte skildringane dine! Men det er litt vanskeleg for meg å ikkje blanda korta, privat, personleg og litt for personleg! Ikkje alt høver på andedräkt.nu, eller kva tenkjer du og andre om det? Kanhende eg er aleine om ei slik kjensle? Vonar du får pumpa opp dekka dine att, det er alvorleg å punktera, då kan du faktisk ikkje køyra!

  7. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Det var vel kanskje meir ei parkering enn ein punktering… Men eg forstår endå ikkje kor mailen din har blitt av. Eg vil gjerne oppdaterast mest mogleg.

Legg att svar til Egetisismug Avbryt svar