Gå til innhald

I siste liten

mai 18, 2009

før 18.mai blir 19 mai, skriver eg eit par linjer.
Kaka til Sunniva med sjokoladekrem, hjarte og tallet 16 skrive med operamint står nede på kjøkkenet.

I morgon tidleg skal jenta vår feirast. Det er 16 år sidan ho kom inn i verden gjennom ein opning på magen min.
Før det hadde ho levd eit skjult liv som eg kjende til frå innsida, og så vart ho henta ut i sterkt lampelys av vennlege hanskekledde hender.

Snart er ho ikkje eit barn lenger. Eg ser på henne at åra har gått og kome sidan den gongen. Eg seier med Trille i songen for lenge sidan:

Jeg har et lille anker.
Jeg har et lille timeglass.
Jeg har en liten sol, der stråler.

I augene på mor si er ho eit heilt fantastisk lite menneske.
Eg håpar ho får ein fin gebursdag i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    tante Eva Mari permalink

    Sunniva er eit vakkert og flott menneske. Masse ønsker til Sunniva på 16 års dagen. Eg drøymde om dere natt til 17. mai, men den draumen skal eg fortelja deg face to face. I dag har eg fri og skal kose meg med sying og litt tur. no ser eg og Marko på Godmorgennorge..

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Nyt fridagen. Nå vart eg interessert…
    Var det ein god draum eller eit mareritt?

  3. Ukjend's avatar
    emari permalink

    alt korleis du tolkar det!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Hmmmm 😉 Me tolkar det sjølvsagt med god vilje…

Legg att svar til Heidi: Avbryt svar