Gå til innhald

Briller.

mai 22, 2009

Eg er nettopp komen heim frå gebursdagsfeiring sånn litt på førehand i lag med kjærasten min. Me kom heim til eit hus der lydnivået ligg og dirrar under taket. Sunniva feirar 16-årsdagen sin med dei femten næraste venninnene eller noko iden duren. Dei har ete taco, gele og sjokoladekake og har akkurat nå ein nokså høglytt aktivitet medan midnight- train strøymer ut frå høgtalarane. Det er glas og tallerknar overalt både i stova og på kjøkkenet og søte jenter på 15-16 år fyller hovudetasjen på huset vårt.

Me tenkte at dette ville vera ein veldig passeleg kveld for vaksne å gå ut på, og kjærasten min proklamerte at gebursdagsgaven frå han i år ville vera ein fredagskveld inne i byen. Me hadde tenkt å start med å sjå slumdog-millionaire, inne på kulturhuset, men det viste seg at det ikkje var billettat att då me kom.

I staden bestemte me oss for ein japansk film ingen av oss hadde høyrt om før, “Briller”. Filmen var vakker, og av det slaget som fekk ein til å pusta roleg inn og ut medan kvilepulsen breidde seg i kroppen. Handlinga fant stad på ei lita japansk strand melllom ei handfull lettare eksentriske menneske. Filmen er hermed anbefalt for alle som ikkje svergar til filmar med mykje biljakt og skyting ut av bilvindauget i svingane.

Før filmen måtte me ha ei handfull mat og ein kaffi frå Seven-Eleven. På Sølvberget møtte eg Gunn som hadde lese bloggen min og kunne fortelja at syster hennar brukte knust kavring i klimpene når ho laga klimpesuppe. Forskningsprosjektet mitt på lokale mattradisjonar held fram.

Etter kinoen spaserte me litt i sentrum, og landa på Thailandsk restaurant. Maten der var heilt nydeleg. Me åt kongereker i appelsinsaus med kokosnøtt, og ein sterk krydra tradisjonell thailandsk matrett, som eg ikkje hugsar namnet på.

Heimvegen la me langs strendene. Det er overveldande vakkert ute nå. Syrinane blømer, og alt regnet dei siste dagane gjer at det luktar av sommarregn, bjørk, hegg og syrin. Kveldane er lyse og fine og naturen gjer seg klar for nordisk sommar. Dei siste vekene har vore relativt kalde, ein positiv bieffekt er at blømingsperioden varer lenge.

Sidan eg er så opphengd i gamle klassikarar på bloggen min for tida, får me dra ein Ivar Aasen i kveld:

Frampå vinteren stundom han tenkte,
gjev eg var i eit varmare land,
men når vårsol i bakkane blenkte
fekk han hug til si heimlege strand.

Og når engene blømer som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar
fær han ingen stad venare sjå.
Ivar Aasen

og

Heidi

From → Uncategorized

8 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Vett du…….nå kom eg te å tenka på at eg ofte satt på kjykken heima, mens den jilla mor mi svinsa rundt i kjykken. Det klirra i dekketøy, dogga på vinduet og det lukta goe mad langt nerøve Berlandsveien. Då hende det nok at eg fekk ei klimpa på gaffel sånn før maten var ferdig og de andre kom te bords.
    Får en varme goe følelse av å tenka tebake på slikt.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Klimpa på gaffel! Det fekk eg og.

  3. Ukjend's avatar
    inger permalink

    Gratulerer med dagen, sånn litt på etterskudd, kjære Heidi!!

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Ingr. Det er ikkje på etterskot. Det er perfekt tima.

  5. Ukjend's avatar
    Anne Grethe permalink

    Gratulerer med dagen!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Tusen takk, Anne Grethe. 🙂

  7. Ukjend's avatar
    Gunn permalink

    Gratulerer med dagen. Me har fått eii jente i familien i dag. Eg he blitt «gammeltante». Veldig kjekt

  8. Ukjend's avatar
    Heidi. permalink

    Gratulerar. 🙂 Du skulle nesten hatt blomar du og!

Legg att svar til Anne Grethe Avbryt svar