Gå til innhald

Ære til all god vilje.

juni 9, 2009

I dag kom Sunniva opp til eksamen i norsk muntleg. I utgangspunktet var ho glad for det, for ho er flink i norsk og har gode karakterer i faget.

Då eg kom heim var ho nokså fortvila, for oppgåva var vid og uhandterleg. Ville moderne tider seia dei siste tiåra? Det trudde ho først, men i følge norskboka var “moderne tider” frå 1900 og fram til andre verdskrigen. Læraren hadde viss sagt noko om dei siste 50-60 åra, så her var det vær så god å bli forvirra, – og det var ho… På torsdag skal ho bruka 20 minutt på å overbevisa sensor og eksaminator om sine refleksjonar i emnet.

Nå er ho mykje rolegare og ved godt mot. Me har sett på det saman, og nå er både Henrik Ibsen, Edvard Munch, Amalie Schram og Jan Eggum fletta inn i oppgåva. I tillegg viser ho filmsnuttar frå YouTube med Charlie Chaplin og reklame for telenor. Får håpa ho får det til å bera seg. Dei har lov til å få hjelp, men kunsten er å hjelpa akkurat passe mykje, for det vil truleg avslørast nokså fort viss det ikkje er deira eigne tankar og refleksjonar som kjem fram.

Ingrid har site i kjellarleiligheita si og malt havhestar i dag. Tante Eva Mari har ønska seg eit havhestmaleri, og nå ser det ut til å ordna seg.

Sjølv har eg mekka på skrivekursboka via telefon. Ho ser fin ut, men stadig oppdagar eg småting me har oversett, eit manglande komma, eit bilete som står feilplassert… Eg gløymer alltid kor mykje arbeid det ligg i å ferdigstilla eit produkt.

Torun feirar sølvbryllaup i dag. All ære til henne og Torbjørn. For 25 år sidan var eg forlovar. Me sneik oss til
å gå polonese, sjølv om det var forbode å dansa i bryllaupslokalet. Noko av det eg hugsar best frå heile bryllaupet er ansiktsuttrykket på svigerfaren hennar då han gjekk polonese… Og lausriven bruddstykke frå bryllaupssongane. Ting med rim og rytme i klistrar seg til hjernen min. Ho bur for langt borte til at eg kunne gratulera med blomar på døra, men ein telefonsamtale kosta me på oss… Og etterpå gjekk det opp for meg at eg har vore gift med kjærasten min i nokså nøyaktig halve livet mitt.

Nå er det bare åtte skuledagar att før sommarferien. Eg synest me held dampen godt oppe. Det har ikkje vore så veldig mange veldig varme dagar, så me har unngått å ta mental ferie på grunn av sommarkjenningar.

Og eit og anna står det sanneleg att å gjera før eg tuslar heim og tek ferie…

Heidi

From → Uncategorized

6 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    tante permalink

    og eg gler meg til å sjå havhesten…og til dere kjem på fredag. Leverte eksmanen i dag og er halvnøgd. Har ikjje stroke på noko før, så kanskje eg får oppleve det no. No må eg sy for å feira. klem

  2. Ukjend's avatar
    Heidi permalink

    Nå lo eg høgt over noko som truleg er ein
    «trykkleif»: Leverte eksman(n)en i dag og er halvnøgd…

    Ein dårleg ny

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Der gjekk innlegget utan vilje, og utan dårleg nytt, så her kjem det sistnemnde: Eg var for å kjøpa svart tøy til deg, men det stoffet var så vanskeleg å få tak i at Gunn ikkje kunne selgja det. Ho trong det sjølv til eit sømprosjekt ho var i gang med. For å snu på flisa, du var heldig som fekk kjøpt det sist… Ho var veldig glad i det stoffet sjølv, og forstod godt at du gjerne ville kjøpa. Syntest ho sa noko om Kairo. I mitt einfald tenkte eg Egypt, men kanskje det er eit stoff- firma… Vem vet inte jag…

  4. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Så synd med stoffet! Eg trng mest ca 50 sm, fordi eg fekk for lite.
    Ja, ja nokon eksmann har eg ikkje, men eksamen har eg hatt mange gonger.

  5. Ukjend's avatar
    Torun permalink

    Jysla kjekt at du hugsa så mykje 25 år attende! Eg treff fakta talt din forlovar på sundag og er beden om å halda takketale for maten! Høgtideleg avrunding av eit festmåltid og 3 års studium… Tenkte eg skulle fletta inn deg i tala…. Kan du sitera jordbærdiktet ditt for meg, finn ikkje boka di i farten! Du har kort tid på deg…. Uansett blir du med som ein kuriositet frå Jæren, vel kjend med min erverdige svigerfar og hans tidlegare gode smil og halvdjupe skogar…
    Finst det forresten dikt om mat??? Eg kan ikkje finna noko, utan jordbærmedfløytediktet ditt som eg ikkje finn i farten…. Takk for ei god samtale hin feststemde kveld!!!

  6. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Såg dette først nå. Går ut frå at det kanskje er for seint?

Legg att svar til Eva Mari Avbryt svar