Gå til innhald

zeit, von, zu

juni 10, 2009

aus, bei, mit, nach… Framleis sit tyske preposisjonsramser som spikra, og litt sånn kjennest dagen. Ein er på, i, under, ved sida av, oppi, bak, framfor det meste heile tida.

I dag har eg gjenoppdaga Charlie Chaplin. Sjølvsagt elska eg han då eg var barn. Då var stumfilmar framleis heilt topp barneunderhaldning, til og med om me ikkje høyrde lyden… Eg hugsar me stod utanfor fotobutikken heime på dagen for offentleg juleutstilling, og pressa nasane mot ruta for å sjå på Donald- filmar utan lyd, som vart viste på veggen innfor vindauget. Det høyrest ut som om det er 100 år sidan, det er det ikkje…

Sunniva har hatt prøveforedrag for meg to gonger i dag framfor eksamen i morgon. Der har ho klipp frå Charlie Chaplin sin legendariske “Modern Times” frå 1900.

Eg elska Chaplin då eg var lita, etterpå har eg tenkt på filmane hana som litt barnsleg underhaldning, litt avlegs og litt naivt. I dag oppdaga eg det på ny. Det er jo stor kunst. Denne vesle mannen med dådyrauge og sjela utanpå som slåst mot maskinar og tannhjul.

I dag har eg sitte med nødvendige skjema. Slike som skal fyllast ut om dette og hint ved skuleslutt. Eg skjønar dei er nødvendige, og ser at det ligg ei viss kvalitetssikring i det… Likevel, det er noko litt chaplinsk eller kafka- aktig ved det heile… Eg har aldri latt meg overbevisa om at verda, langt mindre levande menneske, kan fangast i eit skjema… Av og til let eg meg rett og slett provosera over alt ein skal ha ei meining om og alt som skal protokollførast med kryss i rett rubrikk. Det blir litt sånn
aus, bei, mit, nach, zeit, von, zu… og så er alt under kontroll…

Og litt Chaplin- i- tannhjul-aktig kan me vel alle føla oss av og til… , nå ringer for eksempel alarmklokka mi for å fortelja at eplekaka som står i omnen i anledning 10.-klassekonserten i morgon kanskje er ferdig nå…

Eg har litt av kvart eg burde finna av klesplagg framfor komande dagar. Eg må ta ein tur i vaskekjellaren og leita. Er eg i godt lune kan eg nynna som Kasper og Jesper og Jonatan: Jeg er sikker på jeg hadde dem i fjor…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    Eva Mari permalink

    Vi kom nett fra Fagertunveien og har kosa oss saman med Joffe, Gunnar, svigers og Einar i knall blå joggebukse. Chaplin er fin ja..

  2. Ukjend's avatar
    emma permalink

    Det finnes en ro
    og den beror på
    at du er tro
    mot det du tror på!
    piet hein

  3. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Takk for gode ord både Emma og Eva Mari. 🙂 Ei joggebukse er ei joggebukse, er ei … Helsing frå tannhjula…

  4. Ukjend's avatar
    emma permalink

    treng du ein ny tunika til helga?

Legg att svar til emma Avbryt svar