Underleg
Underleg å leva. Og godt.
Turen til Garborgheimen og Knudaheio vart veldig vellukka. Sola skein, bussen kom som avtalt og eg mista ikkje nøklane som eg var grundig formant om å passa godt på…
Eg elskar å fortelja om ting som interesserer meg. Historie er så spennande, og det å snika ein skotupp inn i ei tid som ikkje er mi, og inn i tankane til eit liv som ikkje er mitt. Det liker eg. Men eg vart liggjande å lesa til langt på natt for å ha mest mogleg å fortelja i tillegg til det eg visste frå før.
Han hadde ei fantastisk utsikt utover havet frå jærhytta si, Arne Garborg. Det er ikkje rart at han likte å sitja der og skriva. Begge plassane fortalde eg delvis ute for alle femti elevane, og delvis tok eg dei inn i husa i smågrupper.
I hagen i Knudaheio sat ungane i det høge graset i livd av steingarden og åt matpakkane sine. Plutseleg var det ein hoggorm der, ein ekte hoggorm med diamantmønster på ryggen. Det var skremmande og spennande på same tida, så forsvann han inn i steingarden og vart borte.
Etter skuleturen åt eg sommarlunsj med dei andre i kulturskulen. Oddny haddde kokt kyllingsuppe og brenneneslesuppe. Begge deler smakte heilt nydeleg. Me sat ute i hagen og nøyt junidagen.
Så var det tilbakelevering av nøkkel, og ja takk, det gjekk så fint så, det var veldig kjekt, og tusen takk for lånet.
Eg hadde sett for meg litt effektiv rydding vel tilbake på skulen, men eg var så trøytt at det gjekk heller trått. Det var mykje koselegare å sitja og snakka med Kirsten og Helen, først på personalromet, og så ute i sola som plutseleg, utan at me heilt oppdaga korleis og når gjekk over til ute i regnet.
Etter ein spurt heimom var det tilbake til åstaden for å vera med på Sunniva si danseforestilling, og så var det innkjøp og laging av middag. Nå har eg site her og hatt problem med å tiva meg laus frå skjermen. Den einaste avvekslinga den siste timen var å sjå ein veldig spennande straffespark-konkurranse i lag med dei tre gutane mine som sat og hylte framfor TV-en. Me vant…
Nå må eg ta tak i hestehalen som eg slett ikkje har og dra meg sjølv baklengs ned trappa. Eg er for trøytt til å rydda, men må bare få gjort det. Og kofferten min, ja den har eg lova meg sjølv å få pakka ut og sett bort i løpet av dagen.
Og her er dagens lenke til oppslag i lokalavisa om boka eg har skrive i lag med skrive-elevane mine.
http://jbl.no/modules/module_123/proxy.asp?C=17&I=33431&D=2&mid=21
Eg spurtar mot mål med pulsen dunkane i øyrene. Framleis har eg heile oppløpssida igjen, men det skal gå greitt…
Heidi