Gå til innhald

Ta i mot ein sommarferie med opne armar.

juni 21, 2009

Det er sundag. Ferien har begynt. Dei seier at dette er den lysaste dagen i året. Eg pustar roleg ut og inn. I går klokka fem opna porten til ferien seg. Og i dag har eg leika min eigen dokter og foreskrive kropp og sjel ein heilt roleg dag der alt eg gjer skal kjennast lystbetont med låg puls.

På fredag sende me elevane heim for siste gong på befriande lenge. Kvelden før hadde eg laga 25 smørbrød pynta med jordbær, mandarinskiver, minitomatar og snackagurkar. Dei var laga på oppdrag til Sunniva sin avslutningsfest. Festen var tåredryppande vakker, med sekstenåringane marsjerande inn i prosesjon, kledde i bunadar og dressar: Niandeklassingane hadde ein kjempefin cabaret som dei framførde for oss. Halvard høyrde eg bare lyden av. For anledninga spela han piano, og eg kunne ikkje sjå han i det heile tatt frå der eg sat.

Sunniva og Kirsten haldt tale for foreldre og elevar, og eg vart oppriktig imponert av dei. Enten eg valde å betrakte det drå synsvinkelen “mor til den eine” eller “dramalæraren til dei begge”, kunne eg vel kanskje ikkje seiast å vera heilt nøytral. Sidan Eilen og eg var dobbelbooka denne kvelden, fekk ho idéen at me måtte ta snarvegen ut. Me kraup rett og slett under bordet for å ta bakdøra ut og koma først i den lange køen av menneske som skulle ned trappa. Dette gjorde me medan tiandeklassingane truleg hang rundt halsen på kvarandre og gråt over avskjeden…

Så småsprang me ned til mølla der feststemde kolleger var inne i siste avdeling av hyllingsfesten for vår høgt elska og verdsette inspektør, Sigvald som går av med pensjon. Han hadde merkeleg nok ikkje skjøna noko før sonen sette han av der tidlegare på kvelden. Spesielt sette eg pris på å få med meg Jens framføra songen eg hadde skrive til han Sigvald på melodien “Håvard Hedde”, akkompagnert av Anne Kristine. Nummeret vart finare enn eg hadde drøymt om.

Neste dag var det herleg å bare bli sitjande i ein stol på personalromet med restane frå festen i går, og drikka kaffi med kolleger som var sånn omtrent like utlada som eg sjølv. Levering av diverse skjema og frammøteprotokoll, samt rigging av ny arbeidsplass utsette eg glatt til måndag. Ein bør ikkje slutta av alt for brått…

Etter skulen bar det sånn omtrent rett i bilen for å møta barndomsvenninnene mine frå første klasse. Tre av oss skulle til Sirdal for å besøkja ei fjerde venninne som har busett oss der. Det er så nydeleg natur oppover, det var midsommarnattlyst ute, og veret veksla mellom sol og regn med ein fantastisk regnboge over Gjesdalkyrkja der eg gifta meg ein sommar for veldig lenge sidan.

Kvelden var blitt natt då me kjørde heim att, likevel var det så godt som lyst ute. Siste etappa heim, etter å ha takka dei andre for ein veldig fin kveld, kjørde eg sjølv. Eg kjende at søvn hadde vore ein mangelvare den siste månaden, og eg beit meg i underleppa medan eg kjørde for å vera sikker på å halda meg vaken. På radioen spelte dei nydeleg klassisk musikk.

Vel heime var det å stilla vekkerklokka på kvart over seks. Eg hadde nemleg lova å henta Chitu, sonen til mi venninne Linda i Morogoro, Tanzania, på nattoget og vera vertskap for han. Han skulle i eit norsk bryllaup om kvelden. Chitu har fått norsk vernepleieutdannign for nokre år sidan, og er nå i Norge for å ha sommarjobb på ein institusjon. Han er ein lett person å vera vertskap for. Saman såg me på bilete frå Mehayo, prosjektet Linda driv for psykisk utviklingshemma barn og ungdom. Det er ikkje først og fremst ein institusjon, men livet hennar og heimen hennar. Eg kjende at eg lengta tilbake til Morogoro og menneska eg møtte der. Afrika er ei anna verd, og eg kjem nok alltid til å lengta litt tilbake dit.

Etter å ha levert Chitu til hotellet der brurefolket skulle samla seg, reiste me rett til planleggingsmøte for sommarjobben min på Solgården seinare i sommar. Me åt melon og is og kaffi, snakka, lo og gledde oss til å koma ned.

Klokka fem i går begynte ferien. Fram til då hadde programmet våre tettpakka, og eg visste at der var målstreken. Med løfta armar passerte eg mål, og var trygt framme i sommarferien denne sommaren og. Vel heime åt me suppe med kjøttbollar og så parkerte eg på sofaen. Eg sov, les aviser og såg på eit program om kunstnaren Paul Klee. Eg hadde bedd kjærasten min ta ansvaret for at dei yngste tenåringane våre kom seg trygt heim, og la meg grytidleg. Nyyydeleg.

Visst har eg eit og anna og ordna med i sommarferien og, men denne dagen har eg fri. Den lysaste dagen i året. Det er ei berusande god kjensle at eg ikkje har noko som helst som skal vera klar til i morgon.

Heidi

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Skylla permalink

    Ja, den vilan var dig väl unnad! 🙂

  2. Heidi permalink

    Takk Skylla. Nå unnar eg verkeleg deg litt kvile og. Fram for late dager for travle damer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: