Gå til innhald

Juni vart plutseleg til juli.

juli 2, 2009

Overgangen var smidig. Medan eg hengde ut klede i tusmørket, gjekk me inn i høgsommarmånaden. Veret var like fint då det vart ny morgon.

I går hadde eg mange planar. Eg ville bare få litt sol på ryggen først. Det var ubeskriveleg godt å liggja i sola med den siste boka til Helene Uri. Eg bevilga meg ein time, men det ende med at eg låg der og les i tre timar og vel så det. Då hadde eg lese boka frå ende til annan. Ho var tankjevekkande og trist, og handla om ein familie som gjekk i stykker, der mor anklaga far for seksuelle overgrep mot barna. Det var ei bok egna til å gjera seg endå fleire tankar omkring eit veldig komplisert område for oss som dagleg arbeider med barn.

Dersom eit barn er utsett for seksuelle overgrep, ligg det eit svik mot barnet i det å ikkje forstå dette. Dersom ein mistenkjer nokon utan grunn, kan ein i verste fall øydelegga livet for den som blir mistenkt. Måtte me som dagleg omgåst barn vera kloke og vakne nok til å ta dei rette avgjerslene…

Dagen i dag har vore mangfoldig og avslappa. Eg har framleis ikkje fått vaska golva og lagt alle dei reine kleda inn i skapet, men eg har rukke mykje anna. Eg har fått brukt gavekortet på 1000 kroner som eg fekk som takk for ein jobb i fjor sommar. Nå er eg den lukkelege eigaren av ein metallfarga vid ytterbluse, sølvfarga vagabondsko, filmen om Benjamin Button, og boka til ho som fekk nordisk råds litteraturpris. Ingrid var til og hjalp til, og etterpå drog me opp til mor og far for å eta lunsj under den store parasollen.

Heime i den vesle byen min hadde eg nokre ærend. Plutseleg kryssa ein av dei mest oppmuntrande personane eg veit vegen rett framfor meg, og ropte eit muntert hei. Ståle har den verknaden på meg at han alltid får meg i godt humør. Eg veit eg har skrive om han fleire gonger her på bloggen.

Ståle: Er det ikkje eit heilt fantastisk ver.
Eg: Jo, det er det verkeleg. Heilt utruleg ver.
Ståle:I går var det så varmt på soveromet at eg ikkje
kunne sova. Eg låg bare og vrei meg. Då passa det
godt å synga: Du skal ikkje sova burt sumarnatta.
Eg: Det var det luraste du kunne synga akkurat då
Ståle:Ja, det gjeld å sjå lyst på det. Og så møtte eg deg,
det gjer jo dagen.
Eg: Det er klart!
Forresten, eg trur eg må skriva om deg på bloggen
min i dag, du får meg alltid i så godt humør.
Ståle:Kor finn eg bloggen din.
Eg: Eg kan skriva ned adressa, men då må du legga
inn ein kommentar…
(samtalen er sterkt forkorta)

Torhild, eg og Ingrid avslutta den offisielle delen av dagen på kinarestaurant med forrett og hovudrett. Dei norske jordbæra er komne. Dei er søte og heilt nydelege.

Og eg må legga meg tidleg slik at eg får tid til litt meir enn å nyta livet i morgon. Dei som sit oppe halve nettene har ein tendens til å sova vekk halve dagane. Ein slags logikk er det vel i akkurat det då…

Heidi

From → Uncategorized

4 kommentarar
  1. Ukjend's avatar
    ståle ree permalink

    Hei Heidi.
    Du får meg alltid i godt humør,alltid gildt å treffa deg, det er som ei god ånd, fantastisk. Ha ein fin sommer.

  2. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Ein fin og glad sommar til deg og, du min oppmuntrande medvandrar.

  3. Ukjend's avatar
    emma permalink

    Gratuelrer så masse til Ingrid. Er no på jobb og har gløymd mobilen heime. Etter vakt skal Arild og eg ut og bada i Bogstadvatnet etter jobb.

  4. Ukjend's avatar
    Heidi: permalink

    Høyrest herleg ut. Hels Arild og dei andre.

Kommenter innlegget