Gå til innhald

Kom og smak på sommaren.

juni 30, 2009

Endå ein herleg sommardag har teke steget over i natta.
Dette er sommarlivet på sitt aller beste, og ferie i eigen by. Klokka elleve etter at eg hadde fått meg eit krus morgonkaffi og lese morgonavisa vart eg henta av Gunn og Karin. Me hadde bestemt oss for å unna oss ein felles måndag med sommarfri. Begge to er venninner som eg delte barndom og ungdom med, så me veit dei same tinga om forskjellig som dei nyare innslaga i livet mitt ikkje har peiling på.

Etter ein rask runde på butikken, gjekk me for å eta lunsj saman på kafé. Der åt me salat, og lo av det meste som har skjedd oss sidan sist. Etterpå vart det ein spasertur langs vatnet, der det luktar av vill timian og der forglemmegeien og bittekonvallen blømer på sitt aller heftigaste.

Så reiste me ut til den gamle prestegården, der me sat ute og drakk kaffi, og såg utover havet. Etterpå fekk me med oss to kunstutstillingar, ei russisk utstilling, og ei ganske humoristisk utstilling med tittelen revestreker med påfylgjande kunstdiskusjon.

Kva er kunst? Eg påstår at om ein kunstnar får meg til å le høgt, til å undra meg og irritera meg, så har vedkomande klart å framprovosera eit svar på bodskapen sin, og då er vel noko oppnådd? Gunn sa at keisaren får stadig nye klede, og eg seier at det treng han nok, han begynner jo å bli gammal. Me fann ut på veg heim at me må prøva å få fleire slike turar der me kan utforska nærområdet meir enn me ofte tek oss tid til.

Etter å ha snudd i døra, sånn omtrent, bar det i veg til neste oppdrag. For nokre dagar sidan fekk eg sms frå Kirsten med utfordringa: “Du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det.” Bodskapen bak tittelen var at ho utfordra meg til ei natt på stranda. Så drog me av garde fire damer med telt og soveposar for å overnatta ved stranda. Eg har levd Herrens glade dagar fleire dagar på rad nå, så eg bestemte meg for å trekkja heimover på det stadiet der dei andre ville inn i teltet.

Kvelden har vore fantastisk. Me har snakka og kost oss. Klokka elleve tende me grillen så lagt nede på stranda at me omtrent kunne dyppa tærne i bølgene. Seinare vart det bål og. Der sat me og grilla, snakka, song, åt pølser, kjøt, salat og oliven, medan me såg båtar gå forbi ute i synsranda. Me såg sola langsomt nærma seg horisonten og forsvinna som ei stor blodappelsin lenger og lenger ned til landet bakanfor der me ikkje lenfer ser Me har sett himmelen bleikna mot halvlys juninatt, og sett dei gullfarga lyseffektane langsomt mista glansen og bli til lett, grå nattedis.

Då dei andre gjekk for å pussa tenner, leitta eg fram bilnøkkelen, og bar oppakninga mi inn i bilen. Eg kjørte gjennom nattstille smale bilvegar med Chopin på bilradioen.

Nå har eg dusja av meg sanden og sortert søppelet eg hadde med meg heim. Klokka er over tre, og eg innser at det kanskje er lurt å leggja meg. I morgon blir det den fornuftige dagen, der eg skal opptre som husmor, barnearbeider og forfattar. Bare vent og sjå, men altså… sova litt først.

Heidi

From → Uncategorized

5 kommentarar
  1. emma permalink

    fantastisk!

  2. RaTo permalink

    Ein draumedag! Håpar du sov godt og lenge i dag! Helsing frå varmt kontorlandskap 🙂

  3. Heidi. permalink

    Ja, det var akkurat det det var, Emma. Sov til 11, RaTo, deilig. Nå prøver eg å mota meg opp til å bli eit godt arbeidsmenneske etter halvannan time med kaffi, aviser og eldstejenta mi som selskap. Akkurat nå er det litt dis ute, men dei har lova meir strålande sol frå klokka to. Håpar at de som jobbar om dagen får nyta ettermiddagane og kveldane. Ei natt lengst ute på stranda er hermed anbefalt. Neste gong sit eg gjerne der til og med morgongry.

  4. Skylla permalink

    Låter underbart! Och «bittekonvall» var jag tvungen att googla, = ekorrbär, en av mina favoriter. Doftar underbart.

  5. Heidi: permalink

    Ja, dei er så søte å sjå på og.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: