Og så sit me plutseleg der og ventar
på bussen som skal ta oss til flyplassen. I kveld er me heime om alt går så normalt som det er all grunn til å anta at det skal gjera.
Akkurat nå kjennest det som å skulla hoppa inn eit høgt vindu til ei anna verd.
Siste kvelden vart fin med lysbilete og film frå opphaldet, med paella, underhaldning, song dans og frukt dandert som ein stor fugl av uthola melon med påfuglhale av fargerike fruktspyd. Så sit ein der etterpå og kjenner seg så underleg nære desse menneska ein har levd tett opp i i to veker, og kanskje aldri skal vera i lag med meir.
Pakkinga tek alltid lenger tid enn ein trur, og det er heilt utruleg kva det går an å få pressa oppi ein koffert. Neste gong eg skriv er eg sikkert heime. Adios España
Heidi
Og ikke måtte du betale overvekt denne gangen heller? Jeg forventer at du lager påfugl i utskåret melon når jeg kommer tilbake – du har 10 dager på å øve
Så klart du skal fp påfugl i utskoren melon. Skulle bare mangla. Me slapp unna overvekta med ein advarsel…
7 kg for mykje samla vekt…
Men det var mest pga SUnniva sin koffert…
Så klart du skal fp påfugl i utskoren melon. Skulle bare mangla. Me slapp unna overvekta med ein advarsel…
7 kg for mykje samla vekt…
Men det var mest pga Sunniva sin koffert…
Da har jeg jo enda mer å glede meg til!
Det er klart! Kong Sigurds gate 13, staden for uendelege gleder… Og konstante haugar med rot. Pass godt på deg sjølv ute i den store verda.