Jordbær, spekeskinke og ost med jalapenos.
Eg vart vekt av Ingrid som ville ut på trimtur. Men før nokon fekk meg ut av huset måtte eg få meg litt frokost. Jordbær, spekeskinke og ost med jalapenos saman med appelsinsaft og svart kaffi må vel vera ein anstendig måte å starta mai månad på. Me gjekk tur i sola medan nordavinden piska vindtårer ut av augene våre. Våren er bleik i fargane. Graset frå i fjor raslar kvitgult i vinden, lyngen er brun og bartrea ristar brungrøne nåler frå i fjor. Nyfødde lam drikk mjølk av mødrene sine medan dei piskar intenst med dei korte små halane sine. Bjørkene står vekselvis med friskgrøne nye blad og eit lilla slør med bresteferdige knoppar. Himmelen var blå, men det var bitande kaldt i vinden.
Etterpå øvelseskjører me og ser store gulkvite marker med tusen millionar stein og flekkar med grønt gras der nokon har begynt å stella hagane sine. I fjellsidene ligg det framleis klattar av snø, og vatna er intenst blå, mot dei framleis avstemde vårfargane.
Vel heime kokar eg meir kaffi og lagar eggerøre. Mørkt rugbrød og gult smør kjem på bordet. Spekeskinke, jordbær og paprika i fleire fargar lyser mot eggerøra. Eg tenner vågrøne lys, og i lysegrøne skåler flyt dei rosa blomane som eg klipte kronene av stelkane i går fordi dei var i ferd med å visna. Vilde og Sunniva stod opp og kom framleis bare halvvegs påkledde ned for å eta frokost med oss.
Nå skal eg samla saman silkeputer og farga steinar, ei silkekledd øskje og eit utskore treskrin og dra til skulen, der Jan Ivar og eg skal prøva å laga ein sceneinnretning av 24 m glitrande halvtransparen stoff som me kjøpte på sparkjøp i går. Eg lurer på kor mange timar det kjem til å ta oss før me er fornøgde. På tysdag er det premiere på «Tusen og en natt.» Og nå spring tida frå meg.
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Gode venner., Mat, Natur, Teater og film.