Gå til innhald

Å møblera dei siste vekene av eit skuleår

mai 6, 2010

er som å legga kabal og legga puslespel på same tida. Alt skal skje samtidig, og ungane utviklar seg i retning sommarbarn som vil vera frie utan så mange plikter. Spesielt merker ein det når ein skal administrera ein gjeng med barn og ungdom etter ordinær skuletid slik me gjer det i kulturskulen. I siste øyeblikk før ei viktig teaterøving tikkar det inn meldingar om at nokre av skodespelarane ikkje kan koma likevel fordi det er avslutning i handballen eller ein viktig fotballkamp. Folk dreg til syden fordi det er billigare billettar nå enn i skuleferien, og plutseleg må planen for våren i skapande skriving leggast om fordi det er avslutningsfestar og store arrangement som dels berører meg og dels berører ungane. Men det ordnar seg det meste om ein ikkje tapar hovudet. Ein gong kom plutseleg ein av skodespelarane våre opp til munnleg eksamen den dagen me skulle ha premiere, sjølv om skulen hadde sagt det ikkje kunne skje. Men etter litt om og men fekk me flytta forestillinga og alt gjekk bra. Etter at me hadde booka om to gonger på premieredato for stykket «Mordene på Ashdale,» som me skal ha i slutten av mai, viste det seg at lokalet var dobbeltbooka… Men det ordnar seg denne gongen og, så sant ungdomane våre held seg på føtene og lærer manus. I morgon er det skuleforestillingar på «Tusen og en natt.» Eg er forholdsvis roleg for det, for det gjekk fint på premieren, men eg må koma meg tidleg i veg for å rigga scene før barna kjem.

Dagen i dag har vore lang og god. Eg var frykteleg trøytt tidlegare i veka, men det har gått over. Ingrid har servert syskena sine heimelaga kjøttkaker. Sjølv hadde eg ein skikkeleg langdag på jobb. Eg hadde håpa det var att ei kjøttkake eller to då eg kom heim, men den gang ei, som Tordenskjold i følge ein barnesong eg lærte av bestemor skal ha sagt i kritiske situasjoner, då han sprang i sjøen med kanonkulene song rundt han… Æhh, eg har alltid sett for meg at det var kanonkuler, men nå begynner eg å lura på om det høyrest realistisk ut… Det må ha vore mindre kuler, men eg vart altså nærare femti før eg oppdaga det…

Og ja, kanskje eg burde slutta av teksten før han fører ut i det fulle vannvidd… Peace and love…

Heidi

2 kommentarar
  1. Scylla's avatar
    Scylla permalink

    Ha ha!
    Fast hur kan du hålla huvudet kallt mitt i den där «röran»? Jag är imponerad. Jag skulle bli ihjälstressad.

  2. Heidi's avatar
    Heidi permalink

    Hovudet kaldt og hjartet varmt er mantraet. 😉

Kommenter innlegget