Magi.
Magi er eit ord eg kan vera frista til å bruka om den transformeringa som skjer med eit teaterstykke rett før og under ein premiere. Særleg gjeld dette barneteater. Scenebilete, kostyme og rekvisittar er på plass. Lyssetjinga løftar kvardagsromet inn i magien. Plutseleg hugsar barna korleis dei skal føra seg, seia ting, gestikulera og glitra. Framleis er det sjølvsagt slik at mykje kunne ha vore gjort for å få det endå betre, vakrare og meir magisk, men likevel; underet skjer gong på gong og eg er takknemlig og forundra. Det må vera dette som gjer at eg framleis har lyst til å ha dramaklassar; å sjå under skje gong på gong.
Og nå er eg veldig, veldig trøytt. Ingrid har hatt heimeeksamen i pedagogikk og har fått levert oppgåva si i dag. Eg har akkurat lese gjennom ei nydeleg perle av ei oppgåve, som ei nær venninne har skrive som masteroppgåve i diakoni. Eg hadde lova å vera språkkonsulent og responsgruppe.
Sjølv gler eg meg veldig til å ta fatt på skriveåret mitt. Ideane er mange og boblande, men før eg kjem så langt, så har eg mykje eg må gjera i dei nåverande jobbane. Våren er ei travel tid for den som har kombinasjonsstilling i skule og kulturskule.
Huset er i ferd med å gå til ro. Ingrid og Odd Christian har ledd høgt nede i første etasje og steikt lappar på takka etter bestemor. Sunniva kom akkurat heim etter kveldsjobbing på kafeen. Eg går mot tidleg landing.
Heidi