Frostnatt natt til i dag.
I dag var Ingrid vikar saman med meg på jobben. Det er rart å ha vaksne kloke barn som navigerer heilt utmerka på eiga hand! Me tok med oss elevane ned til kunstgalleriet for å få beundra fotografia deira ein gong til medan dei heng utstilde. Dei var minst like fine i dag som i går.Tysdagen er den dagen i veka då timane går i eitt mest utan pause i alle fall i elleve timar i strekk. I siste time prøvde me å få 75 ungar til å dansa sykronisert til eit Grand Prix potpourri på same scenen tett i tett. Me er i innspurten med revyen me skal visa i neste veke. Og så var det to og ein halv time med dei eldste dramaelevane våre og mordkomedfrostnattFien dei skal visa for ca 800 menneske i slutten av månaden. Måtte driva detektivverksemd for å oppdriva ei jente som spelte fotballkamp, og avtala med henne korleis me skal koma i mål. Me skal nok klara det denne gongen og. Me legg lista høgt og veit om det.
I stova sit Odd Christian og ein kamerat og får rettleiing på ei stor oppgåve om it i skulen. Odd Christian har ein far som driv og kursar folk i slike ting, så han har sikkert fornuftige innspel å koma med. Naboen min bar utepotter med blomar i inn i garasjen. Me hadde ei frostnatt natt til i dag, og i natt skal det visstnok bli endå kaldare.
Små og store ting skjer og skjer. Det er mykje å tenkja gjennom, mykje å ta stilling til, og mykje å planlegga. Akkurat nå må eg ta meg av ein aldri så liten oppvask…
Heidi
LIknande innhald
From → Barna mine, Livet og alt ein burde ;-), Skule