Gå til innhald

Byssan lull koka kittelen full

mai 12, 2010

där kommer tre vandringsmän på vägen. Den ena ack så halt, den andra å så blind, den tredje säger alls ingentiing…

Jeg talte mine skip, to flytende og et på bunnen… Jeg talte mine skritt, to skritt fram og ett tilbake. Herren er en sterk vind. (Sitert etter minnet, trur det er Arnold Eidslott.)

Ikkje alle dagar blir heilt som ein har tenkt. Eg tok ut ein avspaseringsdag etter overtidstimane på leirskule i haust. Eg hadde planar om å få skrive mykje på boka til skrivekurset.  staden er eg blitt sitjande heile dagen og rydda elevmapper. Det er ikkje det dummaste ein kan gjera det, men det tok utruleg mykje lenger tid enn eg hadde trudd. Det er komne nye retningslinjer for kva som skal ligga i ei elevmappe, og sidan min klasse sine mapper nå skal førast over til ungdomsskulen, har eg ein jobb å gjera. Eg er snart ferdig med første omgang mapper, men då eg kom heim var det omtrent blitt kvelden.

At eg har rydda elevmapper heile dagen er forresten ei sanning med visse modifikasjonar. Sånn innimellom så hadde eg ein tannlegetime, og var nede og fekk limt på den nye krona som var bestillt. Så nå er alt i skjønnaste orden reint tannmessig. Eg har snart ikkje ei einaste amalgamfylling att. Men reint økonomisk så er det ikkje å anbefala å brekka jeksler. For ei krone og ei fylling som er skifta ut, vart prislappen på bortimot sekstusen. Det må vera ein glipp i velferdssamfunnet at ein ikkje kan få refundert deler av det tannbehandling kostar. For dei med dei aller lågaste budsjetta så må det jo kjennast bortimot økonomisk uoverkomeleg med omfattande tannbehandling… Men nå er eg så heldig at eg faktisk har råd til å gå til tannlegen. I tillegg er tannlegen min ein veldig hyggeleg mann, som omtrent har befridd meg frå siste rest av tannlegeskrekk etter skuletannhelsa si behandling på 60 og 70 talet. På den tida stod det plutseleg ei tannlegesyster i klasseromet på skulen og heilt uforvarande skulle henta ein til tannlegen. Skuletannlegen på Ålgård var ein veldig hyggeleg mann han og, men eg meiner å hugsa at det gjorde atskillig meir vondt å reparera tennene sine på den tida. Kanskje bora var dårlegare, og lokalbedøving vart sett på som ekstragavant tull?

Om ei veke fyller Sunniva 17 år. Ho er ei svært opptatt dame. Då me prøvde å booka inn tid for feiring viser det seg at ho slett ikkje har tid til å feira på sjølve dagen. Det tidlegaste ho trudde det kunne la seg gjera med litt feiring var lørdagen første veka i juni… Og visst er det kjekt at ho har mange interesser og endå fleire venner. Det første året på dramalinja har vore heilt fantastisk for henne, men korleis i all verda skal ho få tid til skulearbeid midt i alt det andre som er så viktig.

Odd Christian leverte den siste oppgåva si inn i går kveld, og så sant eit eller anna ikkje skulle ha gått heilt gale, så er han ferdig utdanna allmennlærar nå. Halvard hadde sin siste ordinære skuledag før eksamen på ungdomsskulen i dag, og Ingrid jobbar med ein heimeeksamen i norsk. Eg heng viss ikkje heilt med sånn mentalt med kor fort tida går. Eg høyrer Sunniva øva på songleksa si inne på romet. I kveld er ho rett og slett heime, og så var ho invitert i diverse grillselskap dei komande fem kveldane…

I dag då eg gjekk til jobben min møtte eg den barnehagen ungane mine i si tid gjekk i. Dei var ute og øvde på å gå i 17.mai-tog med stortromme og nasjonaldagssongar. Då eg gjekk heim frå skulen møtte eg ein tidlegare elev som var ute med danseklassen ho underviser i. Dei øvde seg på å dansa ti 17. mai-toget. Det er snart 17.mai, så pass har eg forstått.

I dag morges fantaserte eg rundt alt eg skal skriva når eg får skrivepermisjonen min. Eg har lurt litt på å prøva å skriva ei lærebok/idebok i skapande skriving. Eg har masse idear og erfaringar etter å ha prøvd det ut i tre omgangar. Men eg veit ikkje heilt om eg vil binda opp tida mi på å skriva den typen litteratur. Aller helst vil eg la fantasien bobla heilt fritt, trur eg.- Men me får sjå, det eine utelukkar ikkje det andre.

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: