Gå til innhald

Snapshot av ein dag som skal bli fin.

mai 15, 2010

I dag er me inviterte ut, men først skal sommarblomane i jorda, og hushaldet bestyrast.  Eg har drukke kaffi av eit limegrønt krus med blå og gammelrosa blomar som eg kjøpte på ein bruktbutikk. Kjærasten min skriv spanskoppgåve. Odd Christian snakkar i telefon nede i stova. Han har snaka lenge, og han har glad stemme. Kva han snakkar om veit eg ikkje, men eg liker glade stemmar. Sunniva har hugsa å fylla på reint vatn til den grøne undulaten vår før ho gjekk på jobb. Ho var glad ho og då ho gjekk.

Ute skin sola frå blå himmel, det er sikkert kaldt ute, men blå himmel er fine saker. Den siste vermeldinga tilseier at det ikkje skal regna på 17.mai, og det er me glade for. Ganske snart feirar me sølvbryllaup. Feiringa blir veldig moderat, men noko skal me finna på, me veit bare ikkje heilt kva. Me er litt trøytte begge to, me får sjå kva som skjer.

Og timane sklir så fort. Eg må gripa dei før dei forsvinn.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget