Gå til innhald

Jakta på det magiske snittet…

mai 14, 2010

I dag har eg litt tilfeldig ramla innom eit knippe klesbutikkar. Det begynte med at eg og Ingrid skulle kikka etter ein presang til Sunniva som fyller år snart. Då kom eg på at eg kunne faktisk trengt ei og anna sjølv og nå når det går mot sommar og lyse tider. Eg begynner å bli lei av dei mørke vinterkleda, og sjølv om eg har ein del sommartøy i kjellaren, kan det jo vera spennande å sjå kva ein finn…

Det gjekk opp for meg sånn etterkvart kva det er eg leiter etter. Det er rett og slett det magiske snittet. Kleda som er klippa og sydde på ein så genial måte at dei tryller vekk 25 kilo kropp som ingen ville ha sakna. For å seia det slik, eg prøvde ein del klesplagg som ein trygt kan seia ikkje hadde det magiske snittet… Eg hekta med meg ein topp som var litt etter det, den viste seg sjølvsagt å vera svart. Men ein jakke kjøpte eg meg. Ein valmuefarga sommarjakke, for nå har eg gått i den same svarte jakken kvar dag sidan begynnelsen av oktober… Bortsett frå i dag. I dag slo eg til med gulljakken som Eva Mari har sydd til meg for ein god del år sidan i gullfarga speilfløyel. Han har store knappar laga av kokosnøttskal, og får meg kanskje til å likna litt på Kanutten. Ein kanutt kan virka forfriskande etter ein lang og kald vinter i svart jakke.

Dette må vel vera det næraste eg har vore i heile mitt liv på å skriva ein moteblogg… Og nærare kjem eg nok aldri heller. Nå manglar bare det store biletet av meg frå forskjellige vinklar i desse plagga. Det er herleg å ha fri nokre dagar. Kjærasten min skriv oppgåve på spansk om spansk litteratur, og Ingrid har heimeksamen i norsk. Eg har vore på jobben både i dag og i går for å jobba med tekstane til skrivekurset. Det er veldig interessant arbeid, som eg har problem med å riva meg laus i frå. Så har me ete middag på terassen i to dagar. Det er kjøleg, men ganske koseleg. Og av alle frøa eg sådde for ei veke sidan, har ei einaste lita grøn spire stukke hovudet gjennom molda. Men dei kjem nok dei andre og, om ein vatnar og syner tol. I morgon skal eg så resten av frøa, og så skal eg planta sommarblomar i bed og potter, hadde eg tenkt. Nå kunne det vera ein ide med ein liten omgang husarbeid…

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: