Me kan sidja der på tage,
skåla i sjampanjebrus,
for på Bryne og Manhattan,
ja der he me høge huuuus…
Ein revydag fullstappa med forestillingar er komen til endes, og etter å ha fått forestillinga opp og gå, er ho nå over, and what is still not said, should be forever unspoken… For slik er lovane for teater. Ein jobbar hardt og lenge med ei forestilling, så tek ho av, og før ein har nådd å pusta så er det heile over… Sjølv om det er filma, og sjølv om det står om oss i avisa i morgon, så er det over. Slik er lovane for forgjengeleg kunst, og kanskje det er nettopp der fascinasjonen ligg.
Men eg burde ikkje fortvila over det. Om nøyaktig ei veke er me i gang med forestillingane med kriminalkomedia me øver inn med dei eldste i kulturskulen, «Mordene på Ashdale»… Så her gjeld det bare å snu seg framover og sjå vidare.
Stykket hadde me lagt opp slik at det var filmsnuttar innimellom revynummera. Desse var filma ute i lokalsamfunnet, og skulle vera eit slags nyheitsprogram a la «Norge rundt» eller «Supernytt», dei presenterte og kommenterte innslaga som skulle koma. Min oppgåve under forestillingane er vanlegvis å sitja på første benk med manus og vera sufflør. På den eine forestilling sat eg mellom ganske små elevar. Dei kommenterte filmane som om det skulle ha vore på TV: «Sjå der er stadion.» «Det trur eg er filma i vår bowlinghall.» Då dei såg eit innslag filma ute i skulegarden vart dei kjempeivrige: «Sjå der er vår skulegard». «Der har eg og vore». «Er dette ekte?» «Men koss går det an at me ser skulegarden på film?» På det siste spørsmålet kom det svar frå sidemannen.»Det er ikkje akkurat nå, dei har filma det før!» «Å, ja sånn,» sa han som hadde spurt.
Eg har sett eit TV-program om realityserier i kveld. Der poengterte dei dette fenomenet. «Nå for tida trur ikkje folk at dei finst før dei er på TV.» Og der set me punktum for i dag.
Heidi