Gå til innhald

Jungelboka.

mai 21, 2010

Det blir teater på sakslista i dag og. Eg får beklaga til dei av lesarane som måtte vera godt forsynte med teaterblogging… Eg tok med meg dotter og syster inn til Stavanger for å sjå ei heilt annleis oppsetjing av Kipling si jungelbok. Fabelen var flytta fram i tid til ei ukjend framtid då menneska hadde forlete byen, og bare dyra var att. Dyra og eit lite menneske som vart liggande att i ei barnevogn etter at tigeren Shere Kahn hadde drepe foreldra.

Dyra har sterke menneskelege trekk, men er likevel dyr. Det er slåssing og Rock Roll. Det er eit gateliv der dei sterkaste har rett. Bjørnen Baloo er ein aldrande boksar og pantaren «Baghera» er transvestitt med svarte blondestrømper og skjegg. Ulveflokken er streetdancarar og slangen Kaa er ei forførande slangeaktig dame med hypnotisk blikk. Guten Mowgli veks opp og leiter etter sin eigen identitet. Er han ein ulv, ein frosk eller eit menneske? Kven skal han identifisera seg med?

19 år gamle Kristian Berg Jaatten hadde masse sceneutstråling og var genial  rolla som Mowgli. Slutten var bortimot magisk. Han tok farvel med bjørnen Baloo for å søka sine eigne, eit trasparent forheng gjekk ned og skilde han frå dyra i asfaltjungelen. Han stod aleine på scenekanten med tårene rennande ned over kinna før lyset vart skrudd på i salen og han steig ned til publikum, menneska, hans eigen rase. Han gjekk syngande ned over rekkene oppå stolryggane, og det transparente teppet vart lyssett slik at det vart ein spegel. Me såg oss sjølve i spegelen, og såg Mowgli klatra syngande opp stigen til galleriet og fortsetta mellom menneska heilt opp til topps før salen vart mørklagd. Effekten var heilt genial. Eg beundrar verkeleg scenografane på Rogaland teater. Dei er utruleg dyktige. Det er første gongen eg har opplevd ståande applaus før skodespelarane har rukke å koma fram til scenekanten.

Ingrid og eg fekk haik begge vegane med Fiona. Forsommarkveldane er fulle av lys og blomar og nyutsprungne tre i alle nyansar av grønt. Vel heime, klokka nærare 11 om kvelden, laga me nachos og inviterte herren i huset til litt nattmat.

I dag hadde eg den store gleda av å finna att den forlagde konvolutten med 2000 kroner. Det var ein utruleg god følelse å plutseleg finna han att. Eg visste ikkje om pengane var forlagde, stolne, kasta eller brende. Eg håpa i det lengste å finna pengane att, men hadde begynt å tvila.

I morgon er det pinseafta. Pinseafta for 25 år sidan lova eg kjærasten min truskap framfor Gud og menneske. Det er uverkeleg at me feirer, eller i alle fall kan feira sølvbryllaup i år. I morgon kveld har me tenkt å markera med ein bytur, ein middag ute og ei kinoforestilling eller noko slikt. Sjølve datoen er jo ikkje før på tysdag, og då er me på jobb det meste av døgnet.

Pinsen er nok ei av dei meir gløymte kyrkjelege høgtidene. Dei fleste har eit forhold til jul, og mange og til påsken sitt innhald. Pinsen handlar om Den Heilage Ande. Kanskje kan me seia pinsen handlar om anden som fyller oss med kraft og er som ein vind som bles oss dit me skal. Eg las nokre veldig fine setningar i bloggen til Carl Petter Opsahl som er gateprest og musikar, eg vil rett og slett stela dei og avslutta dette innlegget med to av setningane hans:

«Pinsemysteriet er også språkets, musikkens, kunstens, inspirasjonens og meddelelsens mysterium. Motsatsen til Babelsk forvirring.» – Carl Petter Opsahl.

Nå slapp eg ein masete katt ut gjennom takvindauget, ut i den mørke forsommarnatta. Det var mest så eg vart lokka til å slå følge… God pinse, og god inspirasjon til alle saman!

Heidi

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: