Gå til innhald

Minismultringar med melis og sjokoladesaus.

juli 7, 2010

Det er kveld og mørket pakkar seg rundt Hotel Drim. Sunniva og Halvard sit i hotellsenga vår og ser på fotballkamp. Sjølv er eg under middels interessert i fotball og vil heller bruka kvelden til noko anna. Eg klarer å få lokka Sunniva med ut på kveldstur i staden.  Sunniva får streng beskjed frå far sin om å få mor trygt heim att. Mor er nemleg utstyrt med verst tenkeleg lågmål når det gjeld stadsans, og er i stand til å gå seg skikkeleg vill kor som helst. Sunniva lovar dyrt og heilag og så går me ut. I vestibylen på hotellet sit mange av gjestene spent benka rundt dei to fjernsynsskjermane som er der for å sjå semifinalen mellom Spania og Tyskland.

Det er allereie stupmørkt når me kjem ut. Sunniva seier at ho liker best å ha med far sin når ho er ute i mørkret fordi det er trygt å gå saman med ein stor sterk mann. Eg seier at nå går ho saman med ei stor sterk mor, og at det er minst like trygt. Ho er så fint i lyseblått vippeskjørt frå Berlin som går høgt opp i livet, kvit T-skjorte nedi skjørtet, grå jakke og badesandalar. Eg legg ein beskyttande arm rundt det smale livet hennar, og saman går me ned mot strandpromenaden, der det luktar så ubeskriveleg godt av nokre store tre som blømer med bittesmå kvite blomar.

Me høyrer folkemusikk, og utanfor noko eg antar må vera eit hotell viser det seg å vera ei danseoppvisning eller ein dansekionkurranse for barn og ungdom. Det er ulike folkedansgrupper med folkedrakter. Nokre av gutane har høge pelsaktige hattar, og nokre har svarte vidbremma hattar. Det er fleire grupper som dansar på kvar sin måte, men felles for macedonsk folkedans ser ut til å vera at ein dansar litt «riverdanceaktig» med rolege armar og mykje fotarbeid. Armane held dei enten rett ned, i kryss bak eller framfor kroppen til kvarandre. Fire vaksne jenter dansar oppe på ei trapp framfor hotellet. Dei dansar ballett i lange greskinspirerte kjolar. Me blir ståande ganske lenge for å sjå på, det har samla seg ganske mykje publikum, og ein gateselgjar kjem trillande med tralla si full av nøter for å selgja.

Ute i byen sit folk og ser fotball på storskjerm eller på TV- apparat rundt på restaurantane. Etter lydane å dømma, så held dei fleste med Tyskland. Ute i gata står folk og sel popcorn, is, brus, sukkerspinn og diverse. Sunniva blir dregen mot ein stad der dei koker bittesmå smultringar som blir selde i beger med melisdryss og sjokoladesaus. Ho fortel at slike selde dei på gata i Hellas då ho var der i fjor med onkel og tante. Eit stort beger kostar ca fire kroner, så dyrt skal ingen kunna seia at det er. Eg er vanlegvis ikkje så glad i smultbakst, men desse smakte farleg godt, og eg insisterer på å få smaka på både ein og to og tre av dei.

Det er litt sånn sydlandsk kveldsstemning ute. Musikken frå dansefestivalen og ropa frå dei som ser på fotball blandar seg med alle luktene av blomar og mat frå uterestaurantane. Me finn ein butikk der me får kjøpt postkort som har sett betre dagar, ein kortstokk med motiv frå Struga og eit lite billeg Kristusikon berekna på turistar. For alt dette betaler me rundt tretti kroner. På veg tilbake foreslår Sunniva at me kjøper med oss eit beger til med minismultringar slik at far og Halvard og kan få smaka. Denne gongen vel me ei av dei andre bodene. Han som sel dei til oss spør om me er norske, og me får eit lite norsk flagg på toppen av begeret. Me må sjølvsagt smaka om desse er like gode, men dei første var best. Dei var sprøsteikte medan desse var mjuke. Kanskje det er fordi dei blir marknadsførde som «American Style Doughnuts». Kanskje dei finst i Amerika, men eg har ikkje sett dei der.

Så fører Sunniva meg trygt tilbake til hotellet som ligg på den andre sida av gata og i motsett retning av det eg eigentleg trudde. Stillinga er framleis O-0

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget