Gå til innhald

Hotel Drim

juli 7, 2010

Hotellet er i futuristisk stil og skikkeleg luksushotell i forhold til dei fleste stadane me har budd i vår etterkvart ganske lange feriekarriere. Når me kjem inn i respesjonen og dei ser dei norske passa våre, lyser resepsonisten opp og seier. «Oh, you are Norwegian! Mr Tor is just a minute away, I will get him for you.» Og Tor, som eg til nå kjenner bare av omtale kjem med eit stort lysande smil og tek varmt i mot oss. Eit stort dobbelrom til oss og kvart sitt einerom til oss. Nede i matsalen møter me Gunnar, Hanne Lise og Henrik som er komne kvelden før.

Det er dei som har gitt oss ideen til å reisa til Macedonia. Første gongen me høyrde om det, trur eg må ha vore på nyttårsafta. Tor er storebror til Hanne Lise og utdanna diakon, og jobbar som pastor i ein liten menighet i Oslo, kombinert med at han driv hjelpearbeid og menighetsplanting i Macedonia. Han har i fleire år arrangert sommarturar til Hotel Drim i Macedonia, å få rike nordmenn til å legga att pengane sine på eit hotell i Struga er ein av måtane han vil hjelpa lokalefolkninga på. Det kjennest litt rart å gå til både frokost- og middagsbuffet, få rommet vaska kvar dag, og kunna levera skittentøy i respesjonen og få det vaska og stroke tilbake på rommet i løpet av dagen.

I Macedonia er det svært stor arbeidsledigheit og mykje fattigdom. Samtidig er landet eigna for turisme. Lake Orhid, som me bur ved er ein av dei eldste innsjøane i Europa. Han er svært djup og vatnet er veldig reint. Rett utanfor hotellet er det strand med solsenger, parasollar og masse is- og brusselgjarar. Sentrum ligg eit steinkast frå stranda, med ein nydeleg strandpromenade der det luktar intenst av blømande tre som eg ikkje heilt har funne ut kva heiter. Folk er veldig vennlege, og ting kostar omtrent ein tredjedel av kva dei gjer heime. Alt kjennest veldig billeg, samstundes som prisane ser skyhøge ut fordi hundre denarar er det same som 12-13 kroner. I utkanten av den vesle byen er det eit slumområde der folk bur i falleferdige hytter. Dei fleste av dei er truleg sigøynarar, og ein del av dei tiggar på gata.

Elva som renn ut av innsjøen er turkisblå og det er ganske sterk straum i ho. Dei lokale gutane stuper frå rekkverka på bruene og let seg flyta med straumen nedover elva. Det ser ganske kjekt ut. I det klare vatnet ser ein masse småfisk. Fiskarane kastar ut brødbitar, og kort tid etter er det svart med småfisk rundt brødet, og dei vassar ut for å fanga fiskane i kvite laken og bruka dei til agn.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget