Fem dagar borte frå heimen-
Eg har opplevd så mykje at det må bli meir enn ein tekst om det, elles vil det bli for langt. For å begynna i feil ende skal eg ta dykk med på turen heim. Ein togtur i september er ei utruleg vakker oppleving sånn reint naturmessig. Haustfargane er på plass, spesielt aust i landet. På trea er blada blitt gule og raude, og bregnene står solgule langs skogar og myrer. Myrene er gyllent raude med brune stilker der det har vore blomar. Lyngen er framleis ny og gammelrosa, og ut på kvelden såg eg ein stor flokk kråker halda ting i nokre store tre. Den siste biten langs havet kjørde me inn i ei regnbyge, plutseleg var det mylkje mørkare ute, og regnet piska togvindauget. Jo då, nå må sjølv dei siste optimistane blant oss, som meg sjølv innsjå at årstida utanfor heiter haust, og det kjennest heilt ok.
synet mitt har blitt slik å at eg eigentleg bure hatt briller med progressive glas. Eg må velga om eg vil ta brillene av for å lesa, eller om eg vil ha brillene på og sjå ut. Det vart mest det første, for eg hadde så fine bøker med meg. Først las eg «Ruth Maiers dagbok». Historien om Ruth Maier er lang og har mange innfallsvinklar. Ruth Maier var ei ung jødisk jente frå Wien som vart send til Norge for å bu hos ein fjernt bekjent av faren hennar som var norsk. Bakgrunnsteppet var at alle jødar var bedde om å forlata Austerrike i 1939, «eller så skulle dei få bank». Den to år yngre systera trakk det beste loddet og vart send til England, mora og bestemora og klarte og å koma seg over til England, medan Ruth vart verande i Norge. Då ho kom var landet vårt «nøytral sone», og vart sikkert rekna som ein trygg avkrok av ein kaotisk verden. Her vart ho venninne og truleg og kjærast med den norske jenta Gunvor Hofmo, som seinare skulle bli ein av dei store lyrikarane våre. Det var vanskeleg for Ruth å vera her aleine, og to periodar var ho innlegd på psykiatrisk sjukehus utan at foreldra hennar fekk vita det. I 1942 gjekk det betre for henne, ho var komen inn på kunstskule i Oslo, og begynte å få grep om livet sitt igjen. Boka sluttar brått. Det som hende var at ein novemberdag i 1942 var tjue Oslo-taxiar samla ein bestemt stad i byen tidleg om morgonen. I drosjane sat det SS-menn og norsk politi. Dei hadde med seg gatekart over Oslo, staden der det budde jødar var merka av på kartet. Dei hadde og ei oversikt over når dei begynte på jobb og skule slik at dei kunne finna dei heime. Drosjane stansa på dei aktuelle adressane, og jødane vart tekne med ut i drosjane, om nødvendig med makt. Dei fleste var kvinner og barn, for mennene sat allereie arresterte på Grini. Alle desse i tillegg til mennene som vart henta på Grini, vart kjørde ned til skipet Donau, som låg til hamn og frakta direkte til konsentrasjonsleir, der nokre av dei vart gassa umiddelbart. Over 500 jødar vart sende i veg med Donau, og omtrent ingen overlevde krigen. Ein av desse var Ruth Maier, som vart henta på hybelen sin. Gunvor Hofmo var nede på brygga og prøvde å ta seg inn på båten for å prøva å berga venninna, men ho vart stansa av politiet. Seinare skreiv Gunvor Hofmo mørke, vakre og mystiske diktsamlingar, mellom anna om Ruth Maier. Ho vart psyisk sjuk etter hendinga og var innlagd på psykiatrisk avdeling i lange periodar. Ho prøvde å få gitt ut Ruth Mayer sine dagbøkerkort tid etter krigen, men forlaga meinte det var for privat. Boka vart gitt ut først i fjor, redigert av Jan Erik Vold, Gunvor Hofmo fekk aldri oppleva dette.
Boka hadde eg høyrt om, men den direkte grunnen til at eg kjøpte ho nå, var at Ruth sin historie er direkte knytta til formidlingsseminaret eg var på i helga. Eg er blitt kursa i å formidla ein videoinstalasjon av kunstnaren Victor Lind, som handlar om denne novemberdagen i 1942. Victor Lind har jødisk mor. Han var to år då dette skjedde. Mor hans hadde klart å skaffa seg eit pass som ikkje var merka J for jøde…
Sidan eg fekk boka som paperback, syntest eg at eg kunne kosta på meg ein biografi til. Boka heiter «So long, Marianne!» , er skriven av Kari Hesthamar, og handlar om Marianne Ihlen som 22 år gammal reiste for å busetja seg på den greske øya Hydra saman med forfattaren Axel Jensen. Då det vart slutt med Axel levde ho fleire år i lag med Leonard Cohen, og songen «So long, Marianne,» var ein del av Cohen sin avskjed med henne. Opprinneleg hadde songen hatt teksten, «Come on Marianne»… Det var og ei lita perle av ei forteljing slik eg ser det.
Den tredje boka rakk eg så vidt å bla i. Den skal eg gå laus på nå. Først såg eg ho i bokhandelen, og tenkte at den hadde eg ikkje råd til å kjøpa nå, men dagen etter måtte eg tilbake for å kjøpa ho likevel… Eg skal jo trass alt utvikla meg som lyrikar dette året, og då er det heilt klart at eg treng «Samlede digte» av tove Ditlevsen for å koma dit eg vil. Tove Ditlevsen sine tekstar er noko av det mest magiske eg veit. Ein del av dei merkelege og litt smale bøkene eg ynskjer meg, finn ein bare på dei største bokhandelane i Oslo. Så nå skal eg snart gå inn i dikta hennar og bli der ei stund. Eg ser ikkje vekk frå at eg får veldig lyst til å dela nokre verselinjer med dei som les her.
I tillegg til bøkene, så er eg blitt den lukkelege eigaren av ei ny «vinterkåpe». Eg har ingen varme ytterplagg, og klarte meg gjennom fimbulvinteren i fjor med lag på lag under ein relativt tynn jakke. Og den lilla parkasen frå Gudrun Sjödén blir ei utmerka vinterkåpe med ein ulljakke under. Eg er ikkje veldig hekta på dette med klede, men eg vart oppriktig glad då det fine lilla plagget eg hadde sett på i katalogen viste seg å vera like fint i den verkelege verda, og til og med passa kåpa heilt perfekt.
Så nå får det bli eit stille og sparsommeleg liv ei stund på ei svært moderat «kunstnarløn»… Ingrid henta meg på stasjonen og serverte meg heimelaga kjøttkaker då eg kom heim. Så inviterte ho ungdomane i huset til sosialt samver i dei to oransje sofaane i stova med is og kaffi. Oddvar var heime på helgebesøk, og det var fint å sjå han igjen. Sunniva hadde og kjærasten sin, Håvard på besøk. Håvard held eg akkurat på å bli kjend med. Han går på musikklinja og spelte piano slik at eg bare hadde lyst til å høyra han spela resten av kvelden. Nå har handverkarane vore her og lagt aller siste hand på kjøkkenverket. Det mangla nokre biter med lyslist og hyller til vifteskapet, men nå skulle alt vera i orden. Og ei ny skriveveke ligg og blinkar til meg. Ha ei fin septemberveke alle saman!
Heidi
Flott. Fint også at IKEA-Helge besøkte oss.
Kven gjer seg ut for å vera meg? Er det ein person i Bolivia, kanskje som er innlogga som forfattaren?
Hm—-den siste kommentaren din skjøna eg lite av….Bolivia? Spenndande å lesa det du skriv – og eg har sakna deg på Andedrakt! 5 dagar til me dreg til Kreta!!!
Det var ikkje eg som hadde skrive kommentar nr 1. Då lurer eg på om det ikkje er Leif som har skrive det, og han er i Bolivia. Heng du med? så snart til Kreta? Hadde tekt å sjå deg før det 😉