Gå til innhald

Luke femten

desember 16, 2010

Under luke femten skjulte det seg:

Eit forsøk på å få konsulenthjelp

Kaffipause med Jan Atle

Ferdigstilling av babygenser og hundegenser

Bakedag med Odd Christian

Klipping av hundeklør

I går la eg ut sju dikt her og bad lesarane om å koma med tilbakemelding. Eg lurer på om eg gjorde same feilen som første gongen eg hadde ansvaret for ein barnevernsstudent. Han skulle vera med meg i klassen i to eller tre månadar, eg hugsar ikkje heilt. På det første møtet snakka me om klassen og om praksisoppgåva han skulle skriva. Eg sa omtrent dette «Nå kjem du til å observera meg veldig mykje medan eg jobbar, og du kjem til å sjå ting eg gjer som eg sikkert ikkje alltid har reflektert så mykje over sjølv. Viss du ser meg gjera ting du stussar på, så gje meg gjerne ei tilbakemelding, så kan me diskutera det.» Eg tenkte at eg ville stilla meg open for innspel og visa at det var mykje av det eg og gjorde som kunne diskuterast. Eg tenkte og at det at eg ikkje framstod som nokon som trudde ho var verdsmeister ville gjera han tryggare. Men slik var det ikkje. På siste evalueringssamtalen tok han opp det eg hadde sagt. Med smil om munnen og glimt i auget sa han at han hadde blitt vettskremd. Forventa verkeleg øvingslæraren at han skulle evaluera henne og diskutera det ho gjorde? Var det hans oppgåve å rettleia? Og det gjekk eit lys opp f0r øvingslæraren, for dette var jo sånn omtrent det motsatte av kva ho hadde meint…

Sidan eg ser på teljaren at det er ca 50 personar som les her kvar dag, så tenkte eg at det hadde vore fint å vita heilt kort korleis kanskje halvparten av dei vurderte tekstane. Men kanskje mange får prestasjonsangst av å få ei slik utfordring. Eg skriv og du les, det er systemet her… Og det er det sjølvsagt… Men bare viss du altså skulle kjenna for det, så kan du framleis gå inn på luke fjorten og leggja igjen ein setning. Om du ikkje føler for det så les roleg vidare og ikkje føl deg pressa…

I går ringde det på døra, og der stod Jan Atle med ein julegave under armen som han skulle levera. Heldigvis hadde han tid til å ta ein kopp kaffi med meg og. Det var kjempekoseleg, det var så lenge sidan sist. Me hadde ein liten Knausgårddiskusjon medan Oscar hoppa og spratt rundt føtene våre.

Eg har foreløpig meir teken på å strikka babygensarar enn hundegensarar utan oppskrift, men nå har eg klart å strikka ein hundegenser som passar perfekt til Oscar. Litt av cluet er at halsen må vera mest like lang som bolen, og helst ribbestrikka for å sitja godt inntil hundekroppen.

Odd Christian utfordra til bakedag etter at han hadde vore på jobb. Han laga dobbel porsjon risbollar medan eg laga ein ny omgang lefser fordi dei første er mest heilt oppetne. Denne gongen var eg nok litt overmodig, for eg hadde fått det for meg at nå ville eg kjevla dei ut til «naturleg størrelse». Det førde til at ein del av dei vart litt for tjukke. Men eg håpar dei blir gode likevel. Det tek 4-5 timar å steika, bløyta og klina ein prosjon krotekaker. Så langt så vel. Det blir ei stund til neste gong. I dag skal eg jobba i kulturskulen. Må snart koma meg i veg, trur eg.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget