Gå til innhald

Luke seksten

desember 18, 2010

Bak luke seksten skjulte det seg:
Ein dag i boktrykkarbransjen

Møte i kulturkomiteen

Julesnø

Skrivekursavslutning med spådomar i kinderegg

På kulturskulen har me ein veldig fin maskin til å binda inn bøker med. Slike bøker med plastomslag og spiralrygg. Etter ein del timars innsats låg 45 eksemplar klare av biletboka «Engelen Egil», som skriveklassen min har laga. Boka handlar om himmelbyen, om alle englebarna som bur der, om den strenge Hr Engel som ikkje synest at englebarn skal tygga tyggis og le høgt, og om den snille og omsorgsfulle Thorbjørg i himmelkantina som tek vare på dei. Det viser seg at Teddy, bamsen til engelen Egil ikkje er ein vanleg bamse. Nokon har gitt han eit steinhjarte. Det vil seia at han er blitt levande, men det vil og seia at han er blitt ond. Egil blir frykteleg lei seg den dagen han ikkje finn bamsen sin…
Som om ikkje det var nok kultur, så hadde me møte i kulturkomiteen om det som skal skje på den store glaskunstfesten sundag 30 januar i beste motsoltid. Plutseleg gjekk det opp for meg kor stort arrangementet er, og kor pass mykje ansvar eg har for det heile. Eg skal fortelja, administrera ungar og innleigd tusenkunstnar og tryllekunstnar. Det blir nok bra.

Det snødde store delar av dagen og vart ganske glatt. Eg klarte til og med å detta i ei bratt trapp. Måtte klamra meg til rekkverket for å koma meg opp, nesten synd at ingen fekk nyta synet for alt det var verd… Natta før drøymde eg at eg var ute og jogga/ sprang og at det kjendest herleg. For meg var det ein veldig sjelde draum, men Ingrid seier at ho ofte har springedraumar. Det er slike draumar der ein spring langt og fort utan å bli sliten, nesten som han i Ivo Caprino- filmen som skal til Verdens Ende for å henta vatn til prinsessa sin te. Satsar på at det er ein draum som varslar ei ny og sprekare framtid. Sven Serigstad, here I come…
Og ein gong lærde eg å spå i kinderegg, av og til tek eg fram gamle kunstar…

Og dersom nokon ikkje har oppdaga sjansen til det, så kan dei gå inn på luke 14 og kommentera dikta mine. Ei eller annan diktsamling blir det nok til slutt. Då skal eg trekka ut tre av dei som har hjulpe meg med tilbakemeldingar  i prosessen, og senda dei ei gratis diktsamling. Heidi prøver seg på marknadsføring. Er redd det blir som den der serien i «Senkveld». «Harald gjer ting han ikkje kan…

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: