Gå til innhald

Luke nitten

desember 20, 2010

Bak luke nitten fann eg:

Nysteikte rundstykke og heile familien rundt bordet

Rydding og vask

Eit elektrisk støyt

Ein handballkamp på TV

Krumkaker og risbollar

I dag vakna eg med ein god følelse av å ikkje ha ein einaste avtale. Det betyr jo at ein har ein sjanse til å få gjort ganske mykje, i aller beste fall. Då eg kom ut på kjøkkenet stod Ingrid der og bakte rundstykke. Ho hadde funne ut at me skulle ha familiefrokost med litt ekstra god mat. Rundstykka vart kjempegode, og eg lukkast faktisk i å få alle ungdomane til å dukka opp til eit felles måltid. Kanskje dei gode luktene av nybakt gjærdeig, kaffi og nylaga eggerøre og omelett siva inn gjennom dei respektive  nøkkelhola inn til romma? Riktig koseleg vart det med levande lys i lysekrona og alle fire adventlysa tende.

Etter litt rydding, gjekk eg inn for eit av prosjekta mine i dag: Steiking av krumkaker. Krumkakejernet trong ein omgang med ein oppvaskklut, for det var lenge sidan det var i bruk. Eg la merke til at brytaren for regulering av varmen var øydelagd, men tenkte at det gjekk nok likevel. Plutseleg demra det noko om at det hadde kortslutta det elrktriske anlegget sist jernet var i bruk, men eg tenkte at det var nå verdeit forsøk.Eg høyrde akkurat eit program på radioen om sjølvmordsbombaren i Stockholm ,og spørsmålet var kor vidt ein var mindre trygg i Skandinavia nå enn før. Ein mann frå Pakistan fortalde om kor utrygt det av og til kjendest i Pakistan, men at folk der nede ikkje kunne gå omkring og vera redde heile tida, han meinte det vart ein vane med slike truslar, og at mennesket ofte gløymde at så lenfe ein var dødeleg så var ein djupast sett ikkje trygg nokon plass, eg tenkte at det hadde han sjølvsagt rett i. Så sette eg ledningen inn i krumkakejernet mitt med ei framleis fuktig høgrehand etter vaskinga, og fekk eit skikkeleg støyt. Det var ikkje eigentleg vondt, men veldig ubehageleg, eg kjende støytet gå gjennom handa, opp høgrearmen og på ein måte rykka til midt i brystet. Samtidig vart huset mørklagd. «Kva skjedde? » ropte kjærasten min. «Eg trur eg kunne ha døydd akkurat nå ropte eg tilbake.» Sjølvsagt kunne eg sikkert, forhåpentlegvis  ikkje det, men eg vart skikkeleg skjelven etterpå. Kor dum går det an å bli, liksom… Ingrid hadde besøk av mi niese Elisa som lurde på kva som skjedde med straumen. «Det er vel mor som kortsluttar med eit krumkakejern eller noko slikt,» hadde Ingrid svart…

Sidan eg ikkje gir opp så lett når eg har sett meg noko i hovudet, så reiste eg til ein sundagsopen butikk og investerte i eit nytt krumkakejern. Det blir presangen som eg har fått pengar av onkelen min til å kjøpa til jul. Veldig sportsinteressert er eg ikkje, men i dag tok eg meg tid til å sjå handballkampen mot Sverige. Det vart to spennande omgangar, delvis med Oscar på fanget, for eg var hundevakt. Han driv og tøffar seg litt når katten vår Cleopatra er i nærleiken. Foreløpig har ho sett overbærande på «ungdomens overmot,» men eg er redd for at ho ein gong kan få nok og slå ei velretta klo inn i dei litt skjelande og ganske utståande mopseauga hans.
Etterpå vart det baking med koseleg julemusikk, i den grad ein kan kalla det baking når ein lagar kaker utan bruk av steikeomn… Ein boks krumkaker, ein porsjon risbollar med lys sjokolade, og ein porsjon risbollar med mørk sjokolade vart resultatet. Nå seier eg meg heilt ferdig med julebaksten for i år. Sunniva kom nettopp heim etter å ha vore borte heile dagen på konsert, i familieselskap hos Håvard og på styremøte. Ho har hangla seg halvsjuk gjennom siste veka, så eg foreslo at ho skulle ta ein fridag og prøva å henta seg inn, men det hadde ho absolutt ikkje tid til. Nå høyrer eg ho syng høgt inne på badet, så formen er nok ikkje så verst. I morgon har ho heldigvis skulefri og kan slappa av litt før ho skal feriejobba på kafeteriaen.  Det er ikkje så lett å stansa ein syttenåring som sviv rundt overalt i eit forrykande tempo. Nå kan eg legga meg når eg veit ho er trygt heime, men eg ventar til ho er ferdig med å bada for å få prata litt med ho. På loftet spelar gutane mine eit eller anna dataspel, eller kanskje dei ser film. Det er fint å sjå at aldersforskjellen på åtte år allereie begynner å jevna seg ut litt. Eg håpar ungane mine får like stor glede av syskena sine etter at dei er blitt vaksne som eg har hatt og har av mine.

Klokka har runda midnatt, det skal blir godt å gå inn for landing.

Heidi

Kommenter innlegget

Kommenter innlegget