Gå til innhald

Luke tjue

desember 20, 2010

Bak luke tjue fann eg:

Ei sjuk dotter

Ein handletur med syster og alle våre døtre

I dag skulle me på julehandletur, eg og syster May Brit og alle fire døtrene.

Ingrid kunne melda at ho ikkje kjende seg frisk, men fann ut at ho ville bli med likevel og håpa at det gjekk over.

Etter to timar måtte ho kjørast heim, og utover dagen vart ho sjukare og sjukare. Ho fekk relativt høg feber og verkte i heile kroppen. Ho kjende seg så sjuk at ho ikkje hadde lyst til å vera aleine, så eg har vore nede hos henne. Eg håpar det er det same som Sunniva hadde, og at ho blir frisk att til jul. Heldigvis kom Oddvar heim frå Porsgrunn i dag og har juleferie slik at ho er under oppsikt og har selskap. Det er ikkje kjekt å bli sjuk til jul og ikkje kjekt å ha skikkeleg sjuke ungar, sjølv om dei altså er vaksne. Eg får håpa ho søv av seg det aller verste, for det er mange, mange år sidan eg har sett ho så slått ut av sjukdom. I morgon er eg invitert til førjulskaffe på jobben eg har permisjon i frå. Seinare har eg planar om å møta Torhild. Det blir koseleg

Heidi

2 kommentarar
  1. Torhild permalink

    Gler meg til å møta deg……satsar på å få reparert iPhonen min i morgontidleg……

    • heidi permalink

      Fint, send meg eit hint viss mobilen virkar igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: